Digitalisering i omsorg

Sunnfjord kommune snur alle steinar i arbeidet med kvalitet og kapasitet i helse- og omsorg. Eit av mange tiltak er å ta i bruk dei digitale og teknologiske verktøya som finnast. Heidi er ei av dei som er «framme i skoa» og har dei tilsette med seg på å prøve ut nye arbeidsmetodar og gjere seg erfaringar.

Heidi Husetuft - Klikk for stort bileteHeidi Husetuft er einingsleiar i Skei Heimeteneste. Ho er "framme i skoa" og arbeider med endringar og å ta i bruk velferdsteknologi og digitale verktøy i si eining. Sunnfjord kommune

 

«Vi kan ikkje vite at ting ikkje fungerar før vi har prøvd det.»

Vel vitande om at endringsprosessar tek tid, har Heidi argumentasjonen klar. Vi menneske er meir eller mindre skeptiske til endringar. Det som er nytt og annleis og som vi ikkje er vande med, kan gjere oss usikre. Det er mogleg Sunnfjordingen er litt ekstra seig å få med seg på endringar humrar ein av hennar kollegaer og viser til Sunnfjordske uttrykk som: «Ditta bruka`kje vi her», eller: «Ditta e´kje vi vande med».

Og Heidi er einig i at det kan vere sunt å vere skeptisk til nye ting. Det gjer at vi ikkje ryk på for mange «smellar» og set i gong med lite gjennomtenkte prosjekt. Men det er altså ikkje til å stikke under ein stol at vi har eit u-utløyst potensiale når det gjeld bruk av digitale og teknologiske hjelpemiddel i kommunen si omsorgsteneste. Velferdsteknologi handlar om å bruke teknologi som eit verktøy for å styrkje kvaliteten i tenestene. Gjennom smarte løysingar kan vi gje brukarane meir tryggleik, sjølvstende og meistring i eigen kvardag, samstundes som også pårørande får større tryggleik og fleksibilitet. Med fleire eldre og færre helsepersonell i åra som kjem, må vi tenkje nytt for å sikre berekraftige helse- og omsorgstenester. Velferdsteknologi frigjer tid til dei oppgåvene som krev fagleg kompetanse, omsorg og menneskeleg nærvær. Slik kan vi bruke ressursane våre betre og sikre gode tenester også i framtida.

Først kom telefonen, så tryggleiksalarmen. Begge gode hjelpemiddel som er komne for å bli i omsorgssektoren. I dag er videosamtale ei moglegheit, -for å rettleie pasient, pårørande eller kollegaer i omsorgssektoren. Med god opplæring kan personar som har behov for tett helseoppfølging gjere mykje sjølv heimanfrå. Helsepersonell kan sjå både resultat av måleverdiar, grad av symptom, og kan ha dialog med pasienten på video, melding eller telefon. For den med kronisk sjukdom gir dette både friheit og fleksibilitet men kanskje aller viktigast; tryggleik. Kanskje kan ein også spare nokre turar til lege. Resultat av slik digital heimeoppfølging andre stadar i landet viser at behovet for legevakt, korttidsopphald og innleggingar på sjukehus går ned.

Person held eit nettbrett i fanget - Klikk for stort bileteMed digital heimeoppfølging kan ein ha dialog med helsepersonell over video eller meldingar for rådgjeving. Og ein kan registrere inn måleverdiar om ein har kronisk sjukdom som treng ekstra oppfølging. Dignio

 

Medisinar pakka i små merka posar - Klikk for stort bileteMedisinar ferdig pakka i små posar frå apotek. Her står både namn, dato, klokkeslett og kva medisinar posen inneheld. Slike multidose-posar er mykje brukt idag. Ein kan også setje desse posane inn i ein medisindispenser som varslar når det er på tide å ta medisinen.


Det er jo klart at vi må ta dette i bruk i tenestene våre! Dei fleste av oss har ein smarttelefon eller eit nettbrett som er det som skal til. Brukarane våre fortener det, ei tilgjengeleg omsorgsteneste som er fleksibel i måten tenesta vert levert på. Og innbyggarane vil snart forvente at ein også i omsorgssektoren brukar verktøy som er i bruk på mange andre områder i samfunnet. 

Og så er det eit viktig poeng at vi må bruke dei varme hendene, omsorga og kompetansen til helsepersonellet vårt best mogleg. Vi kan la teknologien hjelpe oss med pakking, påminning og utlevering av medisinar til eksakte tidspunkt. Vi kan la internett dele informasjon og gjere den tilgjengeleg for oss. Så kan fagfolka våre bruke mindre tid til transport og logistikk, og meir tid på faglege vurderingar, omsorg og pleie der det verkeleg trengst.

 


Er digital heimeoppfølging midt i blinken for deg eller nokon du kjenner? 
Les meir om digital heimeoppfølging, meld deg på seminar onsdag 16.september eller ta kontakt for å få vite meir om dette tilbodet!

Onsdag 16.september er det eit gratis seminar om digitale heimetenester i teatersalen i Førdehuset. Velkommen til både innbyggarar og helsepersonell!

Les meir, og påmelding til seminar om digitale heimetenester her.

Her kan du lese meir om digital heimeoppfølging.
Her kan du lese meir om velferdsteknologi.

Kontaktperson for digital heimeoppfølging i Sunnfjord kommune: 
Jofrid Aardalsbakke Djupvik. E-post til Jofrid.