Velferdsteknologi

Sunnfjord kommune satsar på velferdsteknologi. For å auke kvalitet i helse og omsorgs-tenesta ser vi på velferdsteknologi som eit viktig hjelpemiddel i helsetenesta i åra som kjem. Vi vil tilby teknologi som aukar eigen meistring og tryggleik. Velferdsteknologi er aktuelt for alle innbyggarane i kommunen, uavhengig av diagnose og alder. 

Velferdsteknologi som Sunnfjord kommune tilbyr

Kven kan få tilbodet?

Velferdsteknologi er aktuelt for alle innbyggarane i kommunen, uavhengig av diagnose og alder. Det er tildelingseininga som avgjer kva hjelp du får ut ifrå ditt behov.

Slik søker du

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om velferdsteknologi:

Søk om helse- og omsorgstenester elektronisk

Søk om helse- og omsorgstenester papirskjema


Send søknad til:

Sunnfjord kommune
Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde

Kva kostar det?

Betalingssatsar tryggleiksalarm

Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?

  • Det er tildelingseininga som behandlar søknaden din.
  • Dei kan ta kontakt med deg for å kartlegg ditt hjelpebehov. Det kan bli nødvendig å avtale eit heimebesøk.
  • Tildelingseininga sender eit vedtak til deg etter at saka er behandla. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan tre veker, får du ei skriftleg melding om årsaka. 

Når det ikkje lenger er behov for tenesta

  • Tryggleiksalarmen må leverast inn etter endt behov.
  • Du tek kontakt med involvert tenesteleverandør t.d. heimesjukepleien, bu- og miljøtenesta eller andre.
  • De avtaler henting/levering av alarmen og tenesteleverandør ser til at saka vert avslutta.

Har du spørsmål

Ta kontakt med  Tildelingseininga ved å ringe Tenestetorget på telefon 57 72 20 00, kvardagar kl. 09.00–15.00 

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Velferdsteknologi er ikkje ei lovpålagt teneste, men kan i enkelte høve bli vurdert til å vere rett tiltak for å oppnå forsvarleg helsehjelp. 

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen som siste klageinstans. 

Tenestestandard, lov og forskrift