Seminar om Digitale Heimetenester 16.september 2026

Digital oppfølging i ulike variantar er i ferd med å bli tatt i bruk i større omfang landet over. Den 16.september inviterar DHO prosjektet, som no omfattar åtte kommunar, til gratis seminar som er ope for alle.

Illustrasjon DHO - Klikk for stort bilete

Om seminaret

Velkommen til seminar der tilsette og leiarar i kommunal helse- og omsorgsteneste får fagleg påfyll, eksempel og kunnskap om korleis ein kan ta i bruk digitale heimetenester for å rigge seg for framtida!

 

 

Helsedirektoratet kjem, og i tillegg kjem Bjørnafjorden og Larvik for å dele sine erfaringar. Ein oppmodar leiarar, helsepersonell og andre interesserte om å delta for å få både kunnskap og motivasjon til å sette i gong arbeidet med å ta i bruk digital oppfølging i sine aktuelle einingar. Seminaret er i teatersalen i Førdehuset

Innlegg og erfaringsdelingar frå

•Helsedirektoratet
•Bjørnafjorden kommune
•Larvik kommune
•Dignio

Tid og stad

onsdag 16.september klokka 9.00-12.00 

Teatersalen i Førdehuset

Påmelding innan 10.september

Meld deg på ved å fylle ut skjema 

Meistringsteknologimesse 

Etter seminaret vert alle oppmoda til å delta på messa om mestringsteknologi i idrettshallen i Førdehuset. Denne messa er det Vilje Helseklynge og BUV prosjektet som har fått i stand. Her vil 30-40 utstillarar vere til stades for å vise fram og dele informasjon om sine produkt og kva som finnast på marknaden!

Det er mange gode løysingar der ute som kan hjelpe oss i kvardag og med helse, både privat og i arbeid.

Målsetnad
30+ utstillarar
200+ deltakarar
Involvere brukargruppa
Fagleg innlegg og erfaringsdeling
Kulturinnslag

Ønska effekt

Kjennskap til mangfaldet av meistringsteknologiar
Innsikt i måtar å tilrettelegge og arbeide på 
Nettverksbygging
Fagleg påfyll og inspirasjon
Skape merksemd om brukargruppa
 

Sjå program og utstillarar
 

Seminar om DHO

Plakat om seminar DHO - Klikk for stort bilete

Mestringsteknologimessa:

Meistringsteknologimesse - Klikk for stort bilete