Sunnfjord kommune
Vedtak i kommunestyret
Detaljreguleringsplan Stakaldefossen del av gbnr 351/1 m.fl. med plankart dagsett 21. mars 2025 og føresegner dagsett 28. mai 2025, vert vedteke i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12.
Vedtak av ny reguleringsplan vil erstatte delar av gjeldande områdereguleringsplan Moskog industriområde som ligg innfor planområde
Kort om planen
Planen regulerer areal til veg og anna vegareal slik at arealformålet fell saman med den bygde vegen til Moskog trafostasjon og Jølstra kraftverk. Det er regulert ny vegetasjonssone som skal fungere som ei visuell skjerming for eksisterande bustader. Føresegna til reguleringsplanen fastset ramme for gjennomføring av tiltaka. Det vert vist til planframlegget for fleire opplysningar.
Planen er endra etter høyring og offentleg ettersyn. Endringar gjeld føresegner
- § 1.5.1 MassehandteringMatjord innanfor planområdet skal handterast i samsvar med Matjordplan – Sunnfjord Næringspark – K4, datert 22.11.2023 av Norsk Landbruksrådgivning Vest. Matjorda skal nyttast til mat-/grasproduksjon ein anna godkjend stad.
- § 2.2.1 Køyreveg KV1 er offentleg (o_KV1) felles privat (f_KV1) for eigedomane 48/7, 351/1, 2, 5-12, 15-19, 21-24, 26-28, 30-31, og køyreveg KV2 er felles privat (f_KV2) for tilgrensande eigedomar 351/1, 2, 5-12, 15-19, 21-24, 26-28, 31.
Sjå viktige dokument i saka
Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.
Informasjon om rettsverknad av detaljreguleringsplan.
Klage på vedtaket
Du har rett til å klage på vedtaket dersom du er part i saka, eller har rettsleg klageinteresse i saka, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kap. VI.
Du kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering. Her finn du informasjon om klage. Du skal skrive klage til Statsforvaltaren i Vestland, og sende den til Sunnfjord kommune merka med saksnummer: 23/2345.
Send klage på eDialog eller per post.
- eDialog
- Sunnfjord kommune, Boks 338, 6802 Førde
Meir informasjon om saka
Sjå alle dokument i arkivsaka
Lovverk