Detaljregulering Skyttarkvia 15– høyring

Detaljregulering Skyttarkvia 15 gbnr. 22/42 er lagt ut på høyring. Høyringsperioden er 23.03.2026 – 11.05.2026.

Kart over Skyttarkvia - Klikk for stort bilete

Kort om planen

Planområdet ligg på Slåtten i Førde, gjeld gbnr. 22/42, og er samla om lag 1,4 dekar. Planen regulerer eksisterande tomt i tråd med vedtaket av 17.04.2024, slik at Detaljregulering Skyttarkvia 15 set ein BYA som er vanleg i moderne reguleringsplanar.

Formannskapet vedtok å sende planen til høyring og offentleg ettersyn i møte 19.03.2026. 
Planframlegget legg til rette for m.a. etablering av av ein einebustad, jf. vedtak i 
dispensasjonssak av 17.04.2024:

«Formannskapet ser alvorleg på brot på plan og bygningslova. For å ordne opp i forholda 
vert det gjeve mellombels dispensasjon på 2 år. Før den mellombelse dispensasjonen går ut, 
må det føreligge ein vedteken reguleringsplan av eigedomen med mål om at bygget får stå 
som bygd. Ein dispensasjon på dette grunnlaget og med desse vilkåra, vil etter kommunen 
sin vurdering ikkje vesentleg tilsidesette omsyna i arealdelen. Utnyttingsgraden på tomta er 
låg og storleiken på tomta fører til at søkte tiltak gjev eit bebygd areal (BYA) på 23,1%. 
Bygningen overstig heller ikkje grensa for BRA som er 350 m2. Oppstart av planprosessen 
må skje så snart som praktisk mogeleg og seinast innan 1. september 2024.»

Sjå viktige dokument i saka

Alle dokument frå politisk behandling for sak 24/11903

Sei di meining innan 11. mai

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 11. mai.

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:

Send innspel til 24/11903

Du kan også sende innspel på eDialog eller per post , då må du merke saka med saksnummer:  24/11903.

  • eDialog
  • Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde 

Har du spørsmål?

Du kan ringe eller sende e-post til Anniken Heggedal om det er noko du lurer på.

Lovverk

Sjå innkomne innspel og dokument i saka

Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn.