Detaljregulering Leirdalshogen – høyring Detaljregulering Leirdalshogen, gbnr. 61/103 er lagt ut på høyring. Høyringsperioden er 23.03.2026 – 11.05.2026.Plassering av planområdet i Førde. Kjelde: GISLine.Kort om planenPlanområdet ligg aust for Førde sentrum og er ca. 37,6 dekar. Formannskapet vedtok å sende planen til høyring og offentleg ettersyn i møte 12.03.2026. Planforslaget legg opp til næringsbygg og fem bustadblokker (ca. 66 bustader) aust for Førde sentrum.Planforslaget erstattar heile eller delar av følgjande planar ved vedtak: reguleringsplan Hafstad, gbnr. 61/103, 216, planID 4647_143220060003detaljregulering Leirdalen gnr. 61, bnr. 8 m.fl., planID 4647_143220Sjå viktige dokument i sakaAlle dokument frå politisk behandling for sak 21/10193Sei di meining innan 11. maiKommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 11. mai.Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.Slik sender du innspelDu kan sende innspel i elektronisk i skjema:Send innspel til 21/10193Du kan også sende innspel på eDialog eller per post , då må du merke saka med saksnummer: 21/10193eDialogSunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde Har du spørsmål?Du kan ringe eller sende e-post til Anniken Heggedal om det er noko du lurer på.Lovverkplan- og bygningslova § 12-10Sjå innkomne innspel og dokument i sakaHer finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn. Publisert 23.03.2026 13.13