Detaljregulering Førde Småbåthamn – høyring

Detaljregulering Førde Småbåthamn gbnr. 21/485 er lagt ut på høyring. Høyringsperioden er 30.10.2024 – 11.12.2024.

Kort om planen

Planområdet ligg på Ytre Øyrane i Førde og planen legg til rette for utleige av parkeringsplassar til bubil om sommaren. Formannskapet vedtok å sende planen til høyring og offentleg ettersyn i møte 24.10.2024.  Vedtak av ny detaljreguleringsplan vil erstatte del av områderegulering Ytre Øyrane.

Førde småbåthamn foto Norconsult - Klikk for stort bilete

Sjå viktige dokument i saka

Sei di meining innan 13. desember

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 13. desember..

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:

Send innspel til 20/17399

Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 20/17399.

Har du spørsmål?

Du kan ringe eller sende e-post til Anniken Heggedal om det er noko du lurer på.

Lovverk

Sjå innkomne innspel og dokument i saka

Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn.

Kontakt

Anniken Heggedal
Sakshandsamar planavdeling
E-post
Telefon 57 61 27 17

Jobbar med plansaker og dispensasjon etter plan- og bygningslova