Kommunen sin pris for byggeskikk er ein heiderspris som skal løfte fram nye bygg, konstruksjonar og tiltak som bidrar til å heve, fornye og utvikle byggkvalitet i Sunnfjord kommune.
Byggkvalitet er kvalitetar som bygget, konstruksjonen eller tiltaket har i seg sjølv og i samspel med omgjevnadane. Kvalitetane er knytt til miljø, klima, tilgjengeligheit og byggeskikk. Samla skal kvalitetane bidra til gode bygg for brukerne og samfunnet.
Kven kan få Byggeskikkprisen?
Det kan vere eit byggverk, ein konstruksjon eller eit handfast fysisk tiltak som;
- aukar kvaliteten
- skapar eit godt bumiljø
- forskjønnar eit område
Det er også mulig å foreslå gode rehabiliteringsprosjekt.
Initiativtakar, arkitek eller byggmeister som er mottakar av prisen.
Krav som bygget, konstruksjonen eller tiltaket må oppfylle for å kunne få Byggeskikkprisen:
- Ha fremragende byggkvalitet.
- Vere eit resultat av gode og innovative byggeprosessar.
- Det må vere ferdigstilt etter 1. januar 2020.
- Om det har krav om ferdigstillingsattest, så må dette vere på plass.
Kommunen sjekkar om desse krava er oppfylt, så du treng ikkje tenke på det når du sender inn ditt forslag.
Send ditt forslag
Frist for å sende forslag
Frist for å sende inn forslag er 19. april 2026.
Komitè for Byggeskikkprisen 2026
- Rune Hegrenes, Senterpartiet
- Kari Birkeland, Senterpartiet
- Jakob Andre Sandal, Sosialistisk Venstreparti
- Ann-Kristin Strømmen, master i arkitektur, Salt Arkitekter AS
- Christina Kvamme, siv.ark. MNAL
Prisen vil bli delt ut på kommunestyremøte 18. juni 2026.
Tidlegare vinnarar av byggeskikkpisen