Hjelmelandsgården – vinnar av byggeskikkprisen 2023

Vinnarane av byggeskikkprisen 2023 - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Årets vinnar av byggeskikkprisen går til bygget – Hjelmelandsgården. Prismottakarane er Hjelmelandsgården AS og Mestres Wåge Arkitekter. Vi ynskjer og å nemne den kompliserte byggeprosessen som må ha vore løyst på ein framifrå måte av den lokale entreprenøren Åsen og Øvrelid AS.

På nyåret vart det annonserte vi at kommunen skal dele ut ein byggeskikkpris i år. Den første i Sunnfjord kommune. Vi bad om innspel på aktuelle kandidatar. Det vart ikkje sett noko spesielt tema, men vi var opptatt av at tiltaket ikkje skulle vere frå før Sunnfjord vart etablert. I praksis vil det sei ferdigstilling etter 2020.

Vi fekk inn det vi må kunne kalle eit assortert utval kandidatar. Difor vart det etter kvart klart for juryen at vi burde eigentleg kunne dele ut fleire prisar. For det er ikkje til å komme i frå at vi bur i ein stor og variert kommune. Det vil sei at vi skal kunne vurdere alt frå eit lite hus på bygda til eit stort sentrumsbygg, og alt der i mellom. Det er fort gjort å ende opp med fleire verdige vinnarar.
Vi fekk som sagt inn mange gode forslag. Vi har vore på synfaring, diskutert knallhardt og til slutt landa på ein vinnar. Med vi, så meinar vi juryen som har bestått av Ann-Kristin Strømmen, Arve Seger, Kari Birkeland, Jakob Andre Sandal og underteikna. Ann-Kristin og Arve er arkitektar. 

Årets vinnar

Årets vinnar av byggeskikkprisen i Sunnfjord kommune er eit godt døme på vellukka rehabilitering og samordning av to eksisterande og godt brukte sentrumsbygg i Førde. Utan noko tilbygg/påbygg og innanfor ein god målestokk for Førde sentrum står bygget fram som eit stramt moderne bygg som signaliserer ein viktig offentleg institusjon. Det gjer bygget utan dominerande storleik, men gjennom høg kvalitet i utforming av fasadar, materialval og detaljering. Eit viktig grep for Førde som by er at ein har snudd inngangen frå ein parkeringsplass til ein av hovudgatene i Førde sentrum. Gjenbruk av to eksisterande bygg gjer prosjektet også meir berekraftig.

Les juryen si grunngjeving

Den sentralt plasserte Hjelmelandsgården står fram som eit vellukka og viktig rehabiliteringsprosjekt i Førde. 2 typiske bygningar frå 70-tallet, men også 2 kjende forretnings-/ kontorbygg i sentrum dannar utgangspunktet for det nye tinghuset - Hjelmelandsgården (Fjellvegen 9) og Huusbygget (eller Larsenbygget?) (Hafstadvegen 46).  (5000 kvm, der 2000 tilhøyrer tingretten). Bygga er totalrehabilitert med nye fasadar, ny planløysing og ny bruk.

Sogn og Fjordane tingrett og jordskifteretten held til på hovudplan og oppover etasjane i det nordre tårnet (mot Hafstadvegen). I tillegg er også kontorarbeidsplassar som Norec, Advokatfirmaet Tollefsen og Deloitte lokalisert i det nye bygget. Nærmare 100 personar har arbeidsplass her. 

Domstolane sine lokale inneheld til saman sju rettssalar på gateplan, i tillegg til kontorarbeidsplassar fordelt over 3 etasjar. Hjelmelandsgården er delt inn i ei indre og ytre sone der publikum har tilgang til ytre sone. Ytresone inneheld vestibyle rettsalar og møterom. Indresone inneheld internmøterom, kontorarbeidsplassar, kantine og støttefunksjonar. 

Byggearbeida starta rett før sommaren i 2018 med ein komplisert og krevjande byggeprosess, der leigetakarane (Tingretten) hadde full drift i delar av bygget medan det blei bygd nytt i andre delar. I hovudsak er alt nytt bortsett frå søyler og dekker i betong. 

Bygget er funksjonelt med gode løysingar

Det nye bygget er funksjonelt med gode løysingar, spesielt med tanke på sikkerheit med ei indre og ytre sone. Det betyr at dommarane i forkant av ei rettssak held seg i den indre sona og går ut i rettssalen derifrå. Tidlegare måtte ein ut blant publikum for å kome inn i rettssalen. Hjelmelandsgården har også vore eit pilotprosjekt for domstolar i forhold til digitale løysingar. 

Bygget revitaliserar både dei eksisterande bygga og ikkje minst området både med tanke på materialval og bruk, då spesielt med tanke på endringar av inngangssoner og val av ein open fasade. Byggget tek plass i bybildet, men ikkje for stor plass. Det konkurrerar ikkje med naboane, men tilfører noko nytt og interessant, der fasadane speglar bruken av bygget og posisjonen bygget skal ha.  

Tydeleg og viktig bygg i Førde sentrum

Her er horisontale tegl og betongelementer i fasadane erstatta med moderne profiler i aluminium og med glas, med vekt på eit vertikalt uttrykk. Grepa med ekstruderte aluminiumsprofiler på fasaden framstår vellukka sjølv om det er eit modig val å kle eit bygg i svart- i Førde. Den utanpåliggande profilet på glasset lagar eit lysspill og skugge-effekt som, gjev ein fin balanse mellom lukka og open og har ein dynamisk effekt som passar god i eit bymiljø. Den vertikale rytmen saman med fargevalet gjev bygget ein enkel eleganse med kvalitet, og dette er blitt eit tydeleg og viktig bygg i Førde sentrum. Med ein ferdig oppgradert gate (Førdepakken) og med grepet med å ha hovudinngangen til Hafstadvegen, vil bygget vende seg elegant til ein av dei viktige gatene i sentrum.

Heider til byggherre, arkitekt, fagfolk og andre involverte

Vi heidrar i dag ein modig og kompetent byggherre og kreativ og dyktig arkitekt som saman med fleire kompetente fagfolk har gjeve Førde endå eit flott bygg for framtida. Vi ynskjer også å nevne den kompliserte byggeprosessen som må ha vore løyst på ein framifrå måte av den lokale entreprenøren Åsen og Øvrelid AS, for at resultat har blitt så godt.
 

Les meir om Byggeskikkprisen for Sunnfjord kommune