Byggeskikkprisen for Sunnfjord kommune 2024

Sunnfjord kommune sin byggeskikkpris 2024 vert i år gjeve til Bankhagen på Sande.
Sentrumsbygget Bankhagen er eit førebiletleg utviklingsprosjekt med mange gode
kvalitetar som bør trekkast fram for positiv omtale og gjevast ekstra merksemd. Prisen
går til tiltakshavar Tyssekvam Holding AS og til arkitektkontoret Xform AS.

Komiteen si omtale av bygget

Årets vinnar av byggeskikkprisen i Sunnfjord kommune er eit godt døme på
tettstadsutvikling der bustader er etablert i kombinasjon med næringsbygg. På taket
av eit relativt stort butikkvolum er det etablert «ei gate» og felles uteopphaldsareal til
bebuarane som gir eit spennande mellomrom for det gode liv mellom husa. Her legg
det på ein fin måte til rette for godt naboskap, og skaper gode uterom for husværa.
Formgjeving og materialval for leilegheitene opp på butikklokalet bryt opp det store
butikkvolumet på ein eksemplarisk måte. Den gode balansen mellom funksjon og
formgjeving gjer at dei spelar godt opp mot omgjevnaden. Sjølv om bygget kan være
stort i «vesle» Sande framstår ikkje bygget stort. Prosjektet henvender seg på ein
harmonisk måte mot elva og mot vegen. Prosjektet er eit godt døme på vidare
utvikling, målestokk og formgjeving av sentrum i Sande.

Grunngjeving

Bankhagen er eit kompleks i to byggetrinn. Byggetrinn 1 er eit nybygg med ny Spar butikk
med leilegheiter opp på, inntil «Det gamle Bankbygget», som har namnet sitt frå 1969 då
bygget blei oppført av Gaular Sparebank og det blei etablert bank. Byggetrinn 2 er
rehabilitering og endring av bankbygget frå 1969 til næring og leilegheiter. Tyssekvam
Holding AS kjøpte bygget for cirka ti år sidan. Då var Sparebanken Sogn og Fjordane og
Statens vegvesen leigetakarar i kvar sin etasje. I 2017 stengde banken filialen på Sande.
Vegvesenet har leigd bygget fram til nyleg. Idéen om å utvikle bygget til
leilegheitskompleks hadde Marianne Svendsen og Jarl Tyssekvam i Tyssekvam Holding AS i fleire år før
dei satte i gong arbeidet. Byggetrinn 1 stod ferdig i 2018 og byggetrinn 2 var ferdig i 2022.
Dåverande eigar av Spar butikken ,Tyssekvam valde å fjerne butikken frå bygget der
familien har drive i generasjonar og satse på tomta til «bankbygget» med ein
kombinasjon av nybygging og ombygging av bankbygget. Dette resultert i prosjektet vi ser
i Sande sentrum i dag med nye lokaler for Spar butikk og leilegheiter i etasjen over.

I rutemeter er nybygget ca 1000 kvm og er 3 etasjar høgt–med åtte panoramaleilegheiter
på toppen– og prosjektet kosta rundt 50 millionar.
Det har vore vektlagt at funksjonen butikk eller næring på plan 1, og funksjonen bustad
på plana over, ikkje skal konkurrere mot kvarandre, men spele på lag. Det er etablert 8
leilegheiter over butikklokalet og desse har vore planlagt med kvalitetar som 8
einebustader. Alle leilegheitene har gode bukvalitetar som store vindauge, god takhøgd,
private uteopphaldsareal, men det er spesielt måten arkitekten har organisert desse 8
bustadane som gjer at vi ønskjer å gje dei ekstra merksemd.
På taket av butikken er det etablert «ei gate» og felles uteopphaldsareal til bebuarane
som gir eit spennande mellomrom for det gode liv mellom husa. Her legg det på ein fin
måte til rette for godt naboskap, og skaper gode uterom for husværa. Formgjeving og
materialval for leilegheitene opp på butikklokalet bryt opp det store butikkvolumet på
ein eksemplarisk måte. Det er ikkje berre ein «blokk» opp på ein anna «blokk».
Den gode balansen mellom funksjon og formgjeving gjer at dei spelar godt opp mot
omgjevnaden. Sjølvom bygget kan være stort i «vesle» Sande framstår ikkje bygget stort.
Prosjektet henvendar seg på ein harmonisk måte mot elva og mot vegen.
Prosjektet er ein god start på vidare utvikling, målestokk og formgjeving av sentrum i
Sande.
Denne kombinasjonen av næring og sentrale bustader bør vere ein god måte å satse på
og sikre lokalbutikken i ein viktig tettstadsutvikling. Bankbygget var eit relativt anonymt
70-tallsbygg, med oppussing og ny bruk har ein fått eit moderne tidsriktig bygg med eit
viktig tilbod til bebuarane. Sande blir meir attraktivt og det vil vere med på å skape
bulyst.