Arealplan engasjerer – fullt hus på folkemøta!

Vi har hatt to flotte møte om kommuneplanen areal. Det første var i Bygstad. Her var det over 120 som møtte. I Viksdalen møtte nærmare 90 deltakarar opp. Takka vere nærmiljøråda har dette vore særs gode møte.

Nærmiljøråda, kommunen og folket

I alle møta vil nærmiljøråda presentere kva dei er spesielt opptatt av i sitt område. Planavdelinga i kommunen har hatt kort innlegg om arealplanen. Det har blitt sett av god tid til spørsmål og diskusjonar. Takhøgda er god, så vi i kommunen har fått innblikk i både frustrasjonar og framtidsvyer. Svært gjevande!

Det er særs interessant og kjekt for både ordførar og kommunedirektør å møte flest mogeleg der folk bur. Begge forsøker å delta på alle åtte møta. 

Aktuelle planar i lokalsamfunnet

I Bygstad vart det òg orientert om fylkesveg 57. Det gjorde sjølvsagt også til at mange deltok. NVE orienterte på møte i Viksdalen om ein rapport Multiconsult har gjort om flaumfare i Gaularvassdraget og korleis ein kan møte dette.  Dette var òg naturleg nok særs relevant for alle som bur i området.  Vi håpar at områdeplan for Vevring sentrum blir eit tema som engasjerer på møte i Vevring.

Vindkraft er også eit stort tema. Vi ønsker å invitere til eige folkemøte om dette i mars. 

Kva skal Sunnfjord kommune vere?

Samfunnsdelen til kommuneplanen har føringar for samfunnsutvikling og arealplanen. Sunnfjord kommune sin ambisjon er å vekse og utvikle seg på ein berekraftig og livskraftig måte. For å få ei god utvikling i Sunnfjord, må vi samarbeide!

Sunnfjordingane har kome med sine innspel

Heile 260 arealinnspel er blitt vurdert. Sunnfjordingen bryr seg openbart og heldigvis om korleis dei ulike areala i kommunen kan bli brukt. Dette er både kjekt, men også heilt avgjerande for eit sunt og levande lokaldemokrati.

I det vidare silingsarbeidet har kommunen prioritert dei innspela som er mest realistiske og i tråd med vedtatt samfunnsdel. Å ta heile kommunen i bruk er svært sentralt! Vi har derfor sett på senterstruktur, og ønsker å styrke utvalde senter for eit større omland. Vi har også sett på terskel for å kunne få i gong utvalde tiltak utanfor sentera.

Oppmoding

Kom på dei folkemøta som er planlagt. Vi håpar å sjå deg, og at du får høve til å delta i debatten.

Planen er ute på høyring til 28. februar – send gjerne dine merknadar.

Aktuelle lenker

Fullsett sal under folkemøte - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Kontakt

Profilbilde av Odd Harry Strømsli
Odd Harry Strømsli
Einingsleiar Areal- og byggesak
E-post
Telefon 57 61 27 15
Mobil 41 47 67 10

Einingsleiar

Profilbilde av Julie Daling
Julie Daling
Sakshandsamar planavdeling - byplanleggar
E-post
Telefon 57 61 27 21

Jobbar med overordna arealplanlegging, med fokus på by- og tettstadutvikling