Kvifor må vi gjere innsparingar?

Kommuneplanen sin samfunnsdel i Sunnfjord kommune har som hovudmål å sikre folketalsvekst og berekraftig utvikling i heile kommunen gjennom å vere grøn, mangfaldig og attraktiv. Dette målet kan vi berre nå om vi gjer større økonomiske tiltak. 

Kva er utfordringane?

Det er blitt fleire eldre, færre barn og unge - samstundes flatar inntektene til det offentlige ut. Når vi er  færre mennesker er det færre i arbeid, og dermed lavare skatteinntekter.  Norge vil også få mindre inntekter frå olje og gass i framtida.

Kommunen må gjere tiltak for å oppnå ein berekraftig økonomi slik at vi kan utvikle kommunen vidare og skape gode kvardagsliv for innbyggarane våre. 

Tenesteanalyse for kvar Sunnfjord kommune kan spare pengar

Vi har samalikna drifta vår med kommunar med same innbyggartal og innteketsnivå som oss (KOSTRA-gruppe 9). I tillegg ar vi valgt nokre kommunar som liknar oss knytt til areal og geografi; Steinkjer, Sogndal, Kinn og Voss. Målet med denne analysen er å sjå om vi kan lære noko av desse kommunane.

For dei ulike tenestene kan du finne ei kort oppsummering av korleis vi ligg an samanlikna med desse kommunane.
 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66
Profilbilde av Lise Mari Haugen
Lise Mari Haugen
Assisterande kommunedirektør
E-post
Telefon 57 61 27 04
Mobil 93 42 24 61