Høyring om kvalitet og kapasitet i Sunnfjordskulen

Kor mange skular bør vi ha i Sunnfjord, og kvar bør dei ligge?  Høyringsperioden er frå 9. desember 2024 til 9. februar 2025.

Kort om planen

I sak 020/24 Tenesteanalyse  - nivå på innsparing og omstilling i kommunestyre blei det vedteke ei samla innsparing innanfor ei ramme på 121 millionar kroner og omstilling innanfor ei ramme på 84 millionar kroner i perioden 2024-2032.

Sunnfjordskulen skal samla legge fram tiltak for innsparing og omstilling på 70,3 millionar kroner.

Det er utarbeida eit kunnskapsgrunnlag for kvalitet og kapasitet i løpet av 2024. Kunnskapsgrunnlaget behandla i kommunestyret 25.04.2024

Her finn du vedtaket som blei gjort i kommunestyret:

Sak 035/24 Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordskulen

Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordskulen

Skulesektoren har i haust arbeida med tiltaka som blir lagt ut på høyring. I formannskap 19.09.2024 i sak 181/24 Prinsipp for strukturtiltak i Sunnfjordskulen blei det vedteke prinsipp, som ligg til grunn, for tiltaka som er utarbeida. I sak 213/24 Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordskulen – offentleg ettersyn vedtok formannskapet at følgande tiltak blir lagt ut på høyring:

  • Tiltak A – Heile Førde ungdomsskule
  • Tiltak B – To ungdomsskular i sentrum
  • Tiltak C – Heile Førde ungdomsskule, med bevaring av Førde barneskule
  • Tiltak D – Styrke Vassenden
  •  Tiltak E – Flytte Vassenden skule til Sunde og Nye Førde ungdomsskule
  • Tiltak F – Slå saman Holsen og Viksdalen skular
  • Tiltak G – Redusere ramma
  • Tiltak H - Samle Vassenden skule i eitt bygg
  • Tiltak I - Hafstad Ungdomsskule
  • Tiltak J - Legge ned Sunde skule

 

Du kan lese meir om alle tiltaka her

Sei di meining innan 9. februar 2025

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om tiltaka. Fristen for å sende inn innspel er 9. februar 2025.

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjeneleg.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel elektronisk i skjema: 

Elektronisk skjema 

 

Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke sakene med saksnummer:

23/12095 – Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordskulen

Send til:

Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde

postmottak@sunnfjord.kommune.no

 

Sjå innspel her:

Kontakt

Profilbilde av Åge Ansgar Stafsnes
Åge Ansgar Stafsnes
Kommunalsjef for skule
E-post
Telefon 57 02 12 18
Mobil 91 15 22 11
Andreas Fonn Macsik
Utviklingskoordinator oppvekst
E-post
Telefon 57 72 60 53