Bruk av SoMe på Meta sine plattformer

Du har sikkert fått med deg at Meta på sikt ønsker å bruke det vi legg ut på SoMe til å trene sin KI. Det betyr at vi som kommune ikkje kan poste på FB og Insta slik vi har gjort tidlegare, sjølv med samtykke. Det er ein del kontoar som vert lagde ned, og mykje som vert sletta. 

I fråværsprosjektet har vi førebels konkludert med at dette er av såpass stor interesse ut over vår region at vi vel å oppretthalde instagramkontoen. Likevel er det nokre grep vi lyt gjere. Det vil ikkje lenger verte posta bilete og filmsnuttar med personar, dette vil komme her. På instagram vil det verte posta informasjon og arrangement slik som før, vi kan taggast som før, andre kan be oss vere samarbeidspartar som før, og det kjem små snuttar med kunnskapsdeling, som før. Alt som vert posta på Instagram frå no vil de og finne her, men ikkje omvendt. Nye postar som kun er her vil annonserast på Instagram, men de vil då måtte gå gjennom lenka i bio til kommunen si side. 

Vi kan og ha litt lengre postar her, slik at denne minibloggen vil kunne nyttast til til litt meir utfyllande informasjon enn vi legg ut på Instagram.