Planprogram for Sentrumsplan Førde – høyring og offentleg ettersyn, og samstundes varsling av oppstart - områdereguleringsplan for Førde sentrum.

Formannskapet vedtok i møte 7.mars 2025 å legge Planprogram for sentrumsplan Førde fram for offentleg ettersyn og høyring. 
Det vert samstundes med høyringsperioden for planprogrammet, varsla planoppstart for områdereguleringsplan for Førde sentrum. 

 

Planavgrensing (blå stipla linje) for Førde sin sentrumsplan (kartgrunnlag er kommuneplanen sin arealdel 2024-2035). - Klikk for stort bilete

 

Planprogrammet avgrensar planoppgåva, seier noko om kva som er målet med planen og korleis planprosessen er lagt opp. Det fastsette planprogrammet vert forpliktande og skal ligge til grunn ved utarbeiding av områdereguleringsplanen for Førde sentrum. Det varsla planområde er på om lag 600 daa.

Sjå viktige dokument i saka

Sei di meining innan 23.april 2025

Dersom du har opplysningar, synspunkt eller merknader som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet, bør du sende det inn. Dette kan vere med på å justere planen. Frist for innspel og uttale til planoppstart og planprogram er sett til 23.april 2025.

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.

Slik sender du innspel eller spørsmål

Send innspel til 24/1423

Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke med saksnummer 24/1423.

Naboar/grunneigarar vert varsla med brev.

Lovverk

 

Sjå innkomne innspel og dokumentasjon i saka