Restaurering av Astruptunet og hagen

På denne sida kna du lese om arbeidet med å restaurere Astruptunet og hagen.

Sjå også Astruptunet si eiga nettside

Løyvinga til Sparebankstiftelsen DNB for 2020 er ein del av ei større satsing for restaurering av hus og hage i Astruptunet. Løyvinga har kome etter søknad frå Sunnfjord kommune til prosjektet, som har ei total økonomisk ramme på 46 mill. kroner fordelt over 4 år.

Husa i Astruptunet Foto: Espen Mills - Klikk for stort bilete
Bestastova på veg tilbake på plass - Klikk for stort bilete

Astruptunet er unikt som kunstnarheim-museum i nasjonal og internasjonal målestokk. Eit restaurert hus- og hageanlegg vil saman med det planlagte visningssenteret ved tunet ha fantastiske kvalitetar for formidling av Astrup sin kunst og virke, seier leiar for kunst- og kulturavdelinga i Sparebankstiftelsen,  Anders Bjørnsen.

For restaureringa av hagen vil landskapsarktitekt og hagehistorikar Ingeborg Mellgren Mathiesen stå sentralt. Ho sto òg for tidlegare omfattande rapportar om hageanlegget ved Astruptunet. Vi vil sjølvsagt òg ha godt samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum og og Astrupsenteret ved Kode i Bergen.

Bestestova Astruptunet Foto: T-2 Prosjekt AS - Klikk for stort bilete


 Les meir om prosjekta i Astruptunet

Artikkelliste

Kontakt

Profilbilde av Anita Nordheim
Anita Nordheim
Kommunalsjef for kultur og idrett
E-post
Telefon 57 72 60 57
Mobil 95 92 24 34
Profilbilde av Jenny  Følling
Jenny Følling
Ordførar
E-post
Telefon 57 61 27 03
Mobil 47 90 59 90
Thor Ove Farsund
Prosjektleiar
E-post
Telefon 57 72 61 06