Aktivitetar i nærmiljøhagen Aktivitetar i nærmiljøhagenSjå aktivitetskalenderen for aktivitetar i nærmiljøhagen Sjå aktivitetskalenderKlikk på boksane for å sjå bilde frå arbeidet med nærmiljøhagen Montere pallekarm – 19. april Vi har montert pallekarmar utanfor Prestebøen 8. No er vi klare til å fylle dei med mange gode vekstar! Hente ull til å dyrke i – 22. april Vi har henta ull frå Nortura i Førde. Ulla er klassifisert som for dårlig til ullgarn. Denne skal vi ha i pallekarmane for å dyrke i. Ulla held godt på fukt og er eit godt organisk gjenbruksmateriale som blir kompostert. Den gir god næring til vekstane. Rådgjevar klima og miljø, Truls Hansen Folkestad, er med og hjelper til. Fylle pallekarmane – 23. april Med god hjelp er plantekassane fylt opp og klare til å bli dyrka i. Papp i botn, så lau, så ull og til slutt kompostjord frå Førde vgs avdeling Mo. Sette poteter og plante rabarbra 10. mai Denne dagen vart nytta til å sette poteter og plante rabarbra. Opning av nærmiljøhagen 24. mai Bilder frå opning av nærmiljøhagen 24. mai 2024 Skulehage Prosjektet har samarbeid med Førde ungdomsskule som har starta i det små med pallekarmer. Elevar har også vore med å bygge hagebenk,. Klargjer nærmiljøhagen for vinteren og neste sesong 4. november 4. november kl. 10.30 - 12.00Nå er det haust og vi klargjer nærmiljøhagen for vinteren og neste sesong. Ta med arbeidshanskar. Kaffe og lett servering.Det er framleis litt grønsaker som grønkål, bladbeter(spinat) og purre som de kan hente denne dagen. Slik gjer vi hagen klar for vintersesongen: I pallekarmene skal vi gjødsle opp med hageavfall som lauv, gras osv. Dette er gratis, berekraftig og veldig effektivt. I tillegg skal vi etterfylle med jord og sette kvitlauk for å sikre oss eigen heimelaga kvitlauk til neste år. Sjå meir om arrangementet på friskus Nærmiljøhagen er gjort klar for vinter Nærmiljøhagen er gjort klar for vinter ved å heve opp til 3 pallekarmar for å få plass til hageavfall, ekstra jord og kompost. Vi har starta planlegging for neste år med å sette kvitlauk. Kvitlauk skal i jorda rett før frosten for å gje avling året etter.Det er kome på plass ei reiskapsbu som skal bli brukt til hagereiskap og aktivitetsutstyr for bruk i hagen til neste sesong. Sist endra 08.11.2024 16.00