Offisiell opning av Mission Zero

Vi hadde gleda av å offisielt opne samarbeidsprosjektet Mission Zero, tysdag 25. februar.  Over 160 gjestar var med oss på denne store hendinga. Her presenterte vi det aller nyaste innan banebrytande teknologi for avløpsrensing.  

Omvisning på anlegget

  • Med omvisning på anlegget fekk gjestane ei unik moglegheit til å få innsikt i korleis denne teknologien blir eit avgjerande første steg i utviklinga av konvensjonelle avløpsrenseanlegg til framtidige ressursgjenvinningsanlegg.

  • To peronar i arbeidskle som pratar - Klikk for stort bilete

 

 

Panelsamtale

  • Panelsamtale med:

    • Christopher Sveen, Renasys
    • Morten Meyer, leiar i Huseierene
    • Frederic Hauge, Miljøstiftelsen Bellona
    • Arne Haarr,  Norsk Vann
    • Bård Sandal, direktør næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune
    • Erling Sande, tidlegare kommunal- og distriktsminister
    • Jenny Følling, ordførar Sunnfjord kommune
  • personar på scene - Klikk for stort bilete

 

  • Menneskar som pratar saman - Klikk for stort bilete
  •  

 

Bilde frå opninga

 

Mann med barn på skuldrane som gir tommelopp - Klikk for stort bilete

Bra for samfunnet

Nye krav til norske avløpsanlegg fører behov for omfattande oppgradering og nybygging av renseanlegg i heile landet. Teknologien vi utvikla og testa i Førde no, vil redusere framtidige kostnader til planlegging og bygging av nye avløpsanlegg. Den vil òg spare samfunnet, deg og meg, for store gebyrutgifter.

Vannkanne med vann og grønnskaer - Klikk for stort bilete

Bra for miljøet

Sterkt reduserte utslepp av CO2, mikroplast, PFAS og andre miljøgifter.

 Avløpsslammet blir omgjort til reint biokol, som kan brukast til jordforbetring og gjødsel, og kanskje også til rensing av avløpsvatn. 

Rådhuset i Førde med høgt vatn i framgrunnen - Klikk for stort bilete

Bra for kommunen

Kommunen kan oppgradere eldre renseanlegg til ressursgjenvinningsanlegg, utan store investeringar, og samtidig få inntekter frå sal av energi, gjødsel eller biokol. Å rense avløpsvatn med den nye teknologien er mykje billigare – vi sparar pengar. 

Kontakt

Profilbilde av Ole John Østenstad
Ole John Østenstad
E-post
Telefon 57 61 27 01

Mission Zero og Sunnfjord næringspark

Profilbilde av Jenny  Følling
Jenny Følling
Ordførar
E-post
Telefon 57 61 27 03
Mobil 47 90 59 90