Moglegheitsstudie for Viksdalen – Årets bygd 2023 tar nye steg!

No startar Viksdalen moglegheitsstudie for Vikja: Det skal begeistre, skape framtidstru og setje retning for vidare utvikling!

Viksdalen, som vart kåra til Årets bygd i Sunnfjord 2023, tek no eit nytt og viktig steg mot framtida! I samarbeid med Vestland Fylkeskommune og Sparebanken Vest har bygda fått på plass finansieringa til eit omfattande moglegheitsstudie for Vikja på Viksdalen, og forventingane er høge.

Dette er ikkje berre eit papirprosjekt – det er vår framtid som no skal teiknast opp!

Etter fleire år med målretta arbeid og ei bygd full av gryande entusiasme, står vi klare til å ta nye steg for å sikre ei berekraftig og attraktiv framtid for både lokalbefolkninga og tilreisande. Med tett samarbeid mellom lokalsamfunnet, nærmiljørådet og Arki Arkitekter, har Viksdalen sikra seg eit solid team med både fagleg kompetanse og hjarte for bygda vår.

Arki Arkitekter – fagfolk med blikk for realisme og engasjement 

tre personar foto Arki arkitekter - Klikk for stort bilete

Vi er svært stolte over å kunne samarbeide med Arki Arkitekter i dette prosjektet. Arki er kjent for sitt menneskelege fokus og evne til å inkludere lokalsamfunna i sine prosjekt. Med over 20 års erfaring innan arkitektur og byutvikling, er dei ekspertar på å balansere visjonære idear med realisme, noko som vil vere avgjerande for Viksdalen si vidare utvikling.

- Arki Arkitekter bringer ikkje berre sin fagkunnskap til bordet, men også eit brennande engasjement for å skape framtidsretta, bærekraftige lokalsamfunn. Dei ser potensialet i Viksdalen og vil bidra til at vi tek steget vidare på ein måte som er realistisk og gjennomførbar, seier Torstein Hatlestad, leiar i Viksdalen Nærmiljøråd.

Kickoff 21. september – heile bygda inviterast til å vere med på reisa 

Den offisielle starten på moglegheitsstudiet skjer 21. september, og vi oppfordrar alle i bygda til å møte opp og ta del i denne unike moglegheita til å påverke framtida vår! Bygda «bjudar på» med eit kickoff der vi både får ete saman og leggje rammene for arbeidet som skal forme Vikja i åra framover.

Urbanitet på bygda – vi skapar vår eiga framtid 

Lenge har mange sett til byane for inspirasjon og moglegheiter - no er det bygder som Viksdalen som tek grep om eiga utvikling. Med fokus på berekraft, samfunnsidentitet og medverknad frå innbyggjarane, skal vi ikkje berre utvikle, men urbanisere oss – på vår eigen måte.

Tryggleik og berekraft – naturfare i fokus 

For å sikre ei trygg og berekraftig utvikling av Vikja sentrum, er det utført ei grundig naturfarerapport av Sunnfjord Geo Center i 2023. Denne rapporten kartlegg ras- og skredfare i området og gjer klare retningslinjer for korleis ein kan planlegge tiltak i samsvar med tryggleikskrav. I tillegg har Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjennomført ein vassdragsanalyse for flaumfare, som peikar på nødvendige tiltak for å redusere risikoen for flaum i området. Desse rapportane vil vere sentrale i moglegheitsstudiet, slik at framtidige tiltak vert trygge, realistiske og mogeleg å gjennomføre.
Eit studie for alle – bli med og sett preg på Viksdalen si framtid! 

Det er viktig at heile bygda, frå ungdom til eldre, tek del i denne prosessen. Moglegheitsstudiet skal leggje grunnlaget for både kortsiktig og langsiktig utvikling, der reiseliv, naturbaserte opplevingar og moderne tenestetilbod står i fokus. Det vert ei spennande tid med nye moglegheiter, og vi vil ha innspel frå alle som bryr seg om Viksdalen si framtid.

Framtida startar no 

Torstein Hatlestad foto Torstein Hatlestad  - Klikk for stort bilete

Moglegheitsstudiet skal vere ferdig til nyttår, og då vil vi vere klare til å leggje fram ei konkret plan for å sikre ei lys framtid for Vikja og Viksdalen. Med lokalt engasjement, sterke samarbeidspartnarar og ei tru på at bygda kan, vil vi saman skape ei framtid som både innbyggjarane og tilreisande vil vere stolte av.

No tek vi Viksdalen vidare – og alle er velkomne til å vere med!
Vi ser fram til å sjå deg på kickoff 21. september – la oss saman setje retning for framtida!

Viksdalen Nærmiljøråd

Vikja i Viksdalen sett frå lufta - Klikk for stort bilete Torgeir Bell