Kommunen sin pris for byggeskikk er ein heiderspris som skal løfte fram nye bygg, konstruksjonar og tiltak som bidrar til å heve, fornye og utvikle byggkvalitet i Sunnfjord kommune.
Byggkvalitet er kvalitetar som bygget, konstruksjonen eller tiltaket har i seg sjølv og i samspel med omgjevnadane. Kvalitetane er knytt til miljø, klima, tilgjengelegheit og byggeskikk.
Kven kan få Byggeskikkprisen?
Det kan vere eit byggverk, ein konstruksjon eller eit handfast fysisk tiltak som;
• forskjønnar eit område
• skapar gode omgjevnadar
• aukar kvaliteten
• eit resultat av gode og innovative byggeprosessar.
• er tilpassa omgjevnadane
• tenkjer nytt om miljøet
Det er også mulig å foreslå gode rehabiliteringsprosjekt. Vi ønsker innspel på ulike kandidatar utan avgrensing til tema.
Initiativtakar, arkitek eller byggmeister som er mottakar av prisen.
Send ditt forslag
Frist for å sende forslag
Frist for å sende inn forslag er 19. april 2026.
Komitè for Byggeskikkprisen 2026
- Rune Hegrenes, Senterpartiet
- Kari Birkeland, Senterpartiet
- Jakob Andre Sandal, Sosialistisk Venstreparti
- Ann-Kristin Strømmen, master i arkitektur, Salt Arkitekter AS
- Christina Kvamme, siv.ark. MNAL
Prisen vil bli delt ut på kommunestyremøte 18. juni 2026.
Tidlegare vinnarar av byggeskikkpisen