Sunnfjord kommune

Status på saka di

Status på saka di

Klikk for stort bilete Lurer du på kven som er sakshandsamar? Vil du laste ned dokumenta knytt til byggjesaka di?

Trykk her for å gå til innsynsløysinga vår

Slik går du fram

  • Trykk inn på innsynsløysinga til kommunen
  • Skriv inn saksnummer eller gards- og bruksnummeret ditt under «Tittel»
  • Trykk på søk for å få opp saka di
  • Vel saka di ved å trykke på den aktuelle tittelen i søkjeresultatet
  • Her finn du saka med alle dokument og vedlegg
  • Dersom feltet for sakshandsamar er tomt, har ikkje saka di fått ein sakshandsamar enno

Finn du ikkje saka di?

  • Det går om lag tre dagar frå kommunen mottar dokument til dei blir tilgjengeleg i innsynsløysinga vår.
  • Du får ikkje tilgang til dokument som er unntatt offentlegheit i den opne innsynsløysinga vår. Er du part i saka, kan du likevel be om å få tilsendt dokumenta.
  • Ta kontakt med postmottak@sunnfjord.kommune.no, vis til saka og be om å få innsyn i dokumenta.