Kva får du?
- Du får delt opp bygningen i fleire eigarseksjonar, og eventuelt fordelt uteareal til ein eller fleire seksjonar.
- Du får dokumentasjon med plassering av eigarseksjonar og fordeling av sameigebrøk.
- Du får eit matrikkelbrev.
Ved fordeling av uteareal får du i tillegg:
- Eksklusiv bruksrett til utearealet på din del av eigedomen.
- Koordinatbestemte bruksrettsgrenser.
- Sett ned offentlege grensemerker, om dette er mogleg og ønskjeleg.
Slik søker du
Er det fleire bygningar på tomta, må du ta med alle i søknaden.
Fyll ut søknad om seksjonering
Sjå regjeringa.no for meir informasjon og rettleiing til søknaden
Legg ved situasjonskart over eigedomen
Kartet kan du laste ned frå matrikkelen.
Legg ved planteikningar for alle etasjane
Planteikningane må innehalde:
- markering av dei ulike seksjonane
- forslag til seksjonsnummer
- gårdsnummer og bruksnummer
- informasjon om kva dei ulike romma skal brukast til
Tinglysingssperre
Har du ei urådigheit tinglyst på eigedomen, så må den som står som eigar av den, samtykke til søknaden din. Dersom du er usikker om det finst slik urådigheit, ta kontakt med Kartverket.
Lever søknadsskjema med vedlegg
Lever søknadsskjema med vedlegg per post eller ved oppmøte. Du kan ikkje levere dette digitalt, sidan vi må ha orginale signaturar.
Postadresse:
Sunnfjord kommune
postboks 338
6802 Førde
Kva kostar det?
- Eigarseksjonering inntil to brukseiningar (grunnsats): 8000 kroner
- Reseksjonering inntil to brukseiningar (grunnsats): 6000 kroner
- Tillegg per brukseining frå nummer tre: 1500 kroner
- Oppheving av seksjonar: 4500 kroner
- Synfaring: 2000 kroner
- Matrikkelbrev kostar frå 175 til 350 kroner per stykk.
- Ved fordeling av uteareal kjem gebyr for oppmåling i tillegg.
Sjå prislista for Sunnfjord kommune (PDF, 2 MB).
Vi sender faktura til personen som står som søkar. Du kan ikkje endre mottakar av faktura.
Kor lang tid tek det å behandle søknaden?
Vi behandlar søknaden innan 12 veker og sender saka til Kartverket for tinglysing. Deretter sender vi alle dokument tilbake til søkar saman med matrikkelbrev og faktura.