Oppmåling av eigedomDet er heimelshavar (eigar av eigedomen) som kan søke om oppmåling. Kva får du? Du får målt opp og merka eigedomsgrensa di, og du får sett ned offentlege grensemerke der det er mogleg. Du får eit matrikkelbrev (målebrev) som viser den fastsette eigedomsgrensa. Krav til søkar Søknaden må vere signert av eigar (heimeshavar). Ved ei grensejustering må alle involverte partar vere einige om kor grensa skal gå. Kva kostar det? Oversikt over alle priser finner du i prislista til Sunnfjord kommune. Slik søker du Send inn bestilling som inneheld: Skjema finn du på Kartverket sine nettsider Situasjonskart der du har merka grensa som skal målast opp. Kartgrunnlag finn du på kommunekart Send søknaden til postmottak@sunnfjord.kommune.no eller per post til: Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde Kva skjer vidare? Vi tar kontakt med deg og avtaler tidspunkt for møte og oppmåling. Maksimal saksbehandlingstid er tre måneder. Har du spørsmål om oppmåling, ta kontakt med Jan-Inge Seljevoll Knut Ove Indrebø Sist endra 02.01.2023 09.41