Skilt- og reklameinnretningSkal du sette opp skilt eller anna innretning for reklame på fasaden?Oppføring av skilt- og reklameinnretning er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Det finst og unntak slik du ikkje treng å søke, om du kan søke sjølv, eller om det må vere ansvarlege fagfolk som står for det.Med skilt er det meint verksemd- og informasjonsskilt. Dette er fysisk eller anna innretning for montering, plassering, klebing, projisering eller på anna måte ei synleggjering av fast eller utskiftbar bodskap. For området Førde finst det eigen norm om føresegner for oppføring av skilt og reklame.Sjå Kommuneplanen sin arealdel - Skilt og reklame (PDF, 770 kB) for kva som gjeld. Skilt og reklame som er unnateke søknadsplikta Oppføring av skilt- og reklameinnretning inntil 3,0 m2 som blir montert flatt på vegg er unnateke søknadsplikt. Unntaket gjeld ikkje montering av fleire skilt og reklameinnretning på same fasade. Unntaket for skilt- og reklameinnretning gjelder for montering av eit enkelt tiltak. Dersom det blir montert fleire innretningar på same fasade gjeld ikkje unntaket lenger og du må då søke om løyve. Oppføring av ytterlegare eit skilt eller reklameinnretning på fasade som frå før har slike tiltak, kan bli unnateke søknadsplikt med mindre oppføringa ikkje kjem i konflikt med føresegner om visuelle kvalitetar etter pbl § 29-2. Unntaksregelen gjeld uavhengig av belysning. Belysning kan uansett vere ein sterk faktor som får verknad i forhold til visuelle kvalitetar. Dersom kommunen finn at tiltaket er i strid med § 29-2 kan det i ettertid bli gjeve pålegg om fjerning. Skilt og reklame som du kan søke om sjølve Skilt- og reklameinnretning inntil 6,5 m2 montert på vegg, eller med ei høgde på inntil 3,5 m og breidde inntil 1,5 m montert frittståande på terreng kan du søke om å føre opp sjølve. Dette gjelder likevel ikkje dersom plasseringa av skilt- og reklameinnretninga kan utgjere ei fare for persontryggleiken, og heller ikkje når fleire skal bli montert på same stad eller på same fasade. Dette gjeld for eksempel der skiltet blir plassert slik det kan gå ned på område som befolka, som fortau eller inngangsparti. Det same vil kunne vere for skilt som blir plassert direkte på bakken og ikkje er tilstrekkeleg forankra. Korleis søke om oppføring av skilt- og reklameinnretning finn du på Bygge sjølv utan fagfolk. For området Førde gjeld særskilde føresegner om krav til søknad og visuelle kvalitetar. Skilt og reklame med krav om ansvarsrett Dersom skilt- og reklameinnretninga ikkje er i tråd med skildringa ovanfor må det vere fagfolk med ansvarsrett som må stå for både søknad, prosjektering og utføring av tiltaket. Slike skilt er ofte større verksemdskilt med tilhøyrande belysning. Det krev ofte god fotomontasje for å illustrere korleis det ser ut i omgjevnaden. Kva skal søknaden innehalde For at kommunen skal kunne handsame søknad om skilt bør det vere gode illustrasjonar som viser korleis tiltaket blir i forhold til omgjevnaden. Vi vil vurdere det opp mot dei visuelle kvalitetar i seg sjølv og i forhold til andre byggverk. Kommunen vil vurdere skilt- og reklameinnretninga mot den arkitektoniske utforminga, og andre skilt i området. Det er viktig å passe på at skilt og reklame skal vere utforma og tilpassa slik dei er lesbare i tilpassa avstand. Det bør ikkje vere mindre skrifter og for mykje informasjon som ikkje er nyttig for bodskapen av skiltet. Forhold som må kome fram ved søknad: Storleik som lengde, breidde og tjukkleik Plassering, situasjonsplan Materialbruk Lyssetting Andre skilt på fasaden Eksisterande skilt på heile byggverket Sist endra 16.07.2024 09.40