Kva gjeld for din eigedomKva arealplan gjeld for min eigedom, og korleis finn eg det?Kva som gjeld for din eigedom er avhengig av gjeldande plan for området. Vi får ofte inn spørsmål om kva ein kan gjere på eigedomen, og om det er unnateke søknadsplikt. For at det ikkje skal bli reist tvil om at du har bygd noko ulovleg, eller lovnader om kva som gjeld for din eigedom, ber vi om at du sender oss ein skriftleg førespurnad.Send e-post Finn plan for din eigedom Kva plan som gjeld for din eigedom kan du finne på kommunen sine kartdata. Er området regulert er det ein reguleringsplan. Dersom det ikkje er regulert er det kommuneplanens arealdel som gjeld. Digital kartløysing for arealplan kan du sjå på www.kommunekart.com Finn plan for din eigedom Om din eigedom er regulert, gjer vi merksam på at det kan vere forhold i kommuneplanens arealdel som har strengare føresegner enn reguleringsplanen. Kan eg bygge utan å søke? Du kan bygge mindre tiltak utan å søke om løyve. Det betyr at du kan bygge eller sette opp noko på eigedomen din utan søknad. Det er viktig at alle vilkår som krav i arealplan, forbod, lov og forskrift er oppfylt. For meir informasjon om du kan bygge utan å søke sjå sida vår Bygge utan å søke Sist endra 16.01.2025 13.32