Bygge utan å søke

Bygge garasje, utebod, mindre tilbygg utan å søke

Du kan bygge mindre tiltak utan å søke om løyve. Det betyr at du kan bygge eller sette opp noko på eigedomen din utan søknad. Det er viktig at alle vilkår som krav i arealplan, forbod, lov og forskrift er oppfylt.

Du har sjølv ansvar for at det ikkje blir bygd i strid med reglane. Her finn du råd og rettleiing for kva du kan bygge utan å søke. 

Har du spørsmål om kva du kan gjere på din eigedom, eller om det er unnateke søknadsplikt, ber vi om at du sender ein skriftleg førespurnad til oss.

byggesak@sunnfjord.kommune.no