Gjennomføringsplan

Kva skal gjennomføringsplan innehalde, og korleis lage den?

Ein gjennomføringsplan er ei oversikt som på ein enkel og overordna måte gjev kommunen opplysningar om gjennomføringa av byggetiltaket. Gjennomføringsplan skal alltid følgje med byggesøknad når det er krav om ansvarlege føretak.

Gjennomføringsplan blir utarbeidd av ansvarleg søkar. Den gjer at ein til dømes ikkje treng å sende inn ein del dokumentasjon i tiltaket som kontrollplan og samsvarserklæringar.

Krav om gjennomføringsplan går fram av byggesaksforskrifta (SAK10) § 5-3.
 

Korleis lage gjennomføringsplan?

Gjennomføringsplanen skal innehalde ei oversikt over ansvarsområda oppdelt i riktig funksjon og tiltaksklasse, ansvarlege føretak og gjennomføringa av oppgåvene.

Der det er manglande samsvar mellom ansvarsinndelinga i gjennomføringsplanen, går den enkelte «erklæring om ansvarsrett» framfor den.

Vi gjer særskild merksam på at det skal vere eit kryss, «X», der den planlagde samsvarserklæringa skal ligge føre i byggesaka.

Dette krysset skal bli erstatta av datoen når samsvarserklæringa blei gitt.

Sjå bilete og eksempel under.

Eksempel på utfylling av gjennomføringsplan - Klikk for stort bileteEksempel på utfylling av gjennomføringsplan Skjermklipp blankett dibk.no Eksempel på utfylling av gjennomføringsplan - Klikk for stort bileteEksempel på utfylling av gjennomføringsplan Skjermklipp blankett dibk.no


Eksempel på utfylling av gjennomføringsplan:

Gjennomføringsplan eksempel (PDF, 86 kB)
Gjennomføringsplan eksempel ferdig (PDF, 86 kB)

Eksempelet er basert på vår utfylling av Erklæring om ansvarsrett.