Ansvar i plan- og bygningslova inneber at føretaket tar på seg ansvaret for at krava i lov og forskrift blir oppfylt. Ansvar i denne forstand betyr at ei oppgåve skal bli utført i tråd med lova og løyve som er gitt. Manglar eller feil i gjennomføringa kan bli følgt opp med pålegg og sanksjonar.
Ansvar går fram av plan og bygningslova og byggesaksforskrifta
Oppdeling i ansvarsområde
Søknad om løyve til tiltak med ansvarsrett skal vere levert skrifteleg, og innehalde alle opplysningar som er naudsynt for at kommunen skal kunne ta stilling til den. Dette inneber at tiltaket må vere oppdelt i alle ansvarsområda som er aktuelle.
Det er ansvarleg søkar sitt ansvar å identifisere og avklare ansvarsområda for ansvarlege føretak, og sørge for at erklæring om ansvarsrett er sendt inn.
For byggesaker i Sunnfjord kommune ber vi om at ansvarsområde og erklæringar vert skildra slik det går fram av forskrifta. Sjå oppdelinga i vår liste.
Erklæring av ansvarsrett
Alle føretak skal erklære ansvar i byggesaker. Hugs at føretaket ditt må oppfylle krav til utdanning og kvalifikasjonar i ansvarsområdet. Om du erklærer ansvar for noko føretaket ikkje er kvalifisert for kan du få sanksjonar, og miste ansvarsretten.
Ver merksam på at nokre fagområde for prosjektering må samsvarserklæring ligge føre ved søknad om igangsetjing. Kommunen kan til dømes ikkje godta at det blir gjort prosjektering etter at sjølve utføringa av byggearbeidet er gjort.
Eksempel på utfylling av gjennomføringsplan
Skjermklipp frå blankett dibk.no