Områdereguleringsplan Vevring –vedtak

Sunnfjord kommunestyre vedtok Områdereguleringsplan Vevring, gbnr. 429/2, 427/3 og 429/4 m.fl. i møte 27.02.2025. 

Plankart områdereguleringsplan Vevring. - Klikk for stort bilete

Vedtak i kommunestyret 

Sunnfjord kommune vedtek Områdereguleringsplan Vevring med plankart datert 15.11.2024 og føresegner revidert 14.11.2024, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12. 

Ved endeleg vedtak erstattar Områdereguleringsplan Vevring med planident 4647_20210014, del av Detaljreguleringsplan Vassleidning Skorva - Engebø med planident 4647_20200013 vedtatt 10.12.2020, og heile reguleringsplan for Vevring skule, snu og oppstillingsplass med planident 4647_143319950026 vedtatt 01.04.1995. 

Kort om planen

Planen legg til rette for positiv utvikling av Vevring med eit nytt bustadområde på brinken mot det øvre platået i Vevring. Område for bustad og sentrumsfunksjonar nær butikken – ikkje minst eigna for utleigebustader. Det er gitt rom for utvikling ved butikken og tangen ved gamle dampskipskaia vest for butikken. Område for landskapshotell eller tilsvarande – kan gje eit unikt tilbod for turistar og næring. Samt utvikling av offentlege tilbod og anlegg.
Planen er endra sidan høyring og offentleg ettersyn, endringane er gjort greie for i saksutgreiinga. 

Sjå viktige dokument i saka 

Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

Informasjon om rettsverknad av detaljreguleringsplan.

Klage på vedtaket 

Du har rett til å klage på vedtaket dersom du er part i saka, eller har rettsleg klageinteresse i saka, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kap. VI.
Du kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering. 

Klagen stilast til Statsforvaltaren i Vestland, og skal sendast til Sunnfjord kommune med saksnummer: 20/7889.

Meir informasjon om saka

Sjå alle dokument i arkivsaka

Lovverk

•    plan- og bygningslova § 12-12
•    plan- og bygningslova § 12-4
•    plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3