Kommunedelplan Fv.57 Båtevika - Storehaugen – høyring

Høyringsperioden for planen er 12.02.2026 til 08.04.2026. 

Figur 1 Planområdet. Dei raude strekane er dei aktuelle traseane A1 og A2 over Svædsundet og B9 via Osen. - Klikk for stort bilete

Kort om planen

Fylkesveg 57 er ein prioritert regional hovudveg i gjeldande regional transportplan (RTP) for Vestland. Samfunnsmålet til kommunedelplan (KDP) er: «Utbetring av fv. 57 mellom Båtevika og Storehaugen skal styrke konkurransekrafta i næringslivet og hovudtrekka i busettingsmønsteret på aksen Førde – HAFS-området.»

Kommundelplanen skal avklare framtidig trasé for fv.57. Det vil sei finne ein vegtrase for fv. 57 som kan realiserast. Det er her snakk om både utbetring av eksisterande veg og nybygging av tunnel, bru og veg.   

Planforslaget har 3 hovudalternativ til trasé gjennom området pluss 3 variantar av dei. A alternativa går frå Båtevika med bru over Svædsundet og i ein trasé nord for Bygstadhaugen og Eidavika. B alternativet går frå Båtevika til Osen kor vegen kryssar over Gaula med bru og fortsett vidare i tunnel gjennom Alefjellet og opp til Hjelmeland.

Alle tre alternativa vil gje ein betre veg og kortare køyretid enn slik det er i dag. Vestland fylkeskommune legg vekt på det er viktig med etappevis utbygging og regional nytte for vegbygginga. Det er B9-H alternativa som leverer best på det.

Val av trasé for framtidig fv. 57 skal skje etter høyring og offentleg ettersyn når KDP vert lagt fram til kommunestyre for vedtak.

Formannskapet vedtok å sende planen til høyring og offentleg ettersyn i møte 05.02.2026.

Sjå viktige dokument i saka

Viktig

Det vert folkemøte i Bygstad samfunnshus 10. mars kl 19. Alle er velkome til å delta.

Sei di meining innan 8. april 2026

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. 

  • Fristen for å sende inn innspel er 08.04.2026


Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Bruker du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.

Send innspel til sak 22/5848

Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer 22/5848.

  • Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde

Har du spørsmål?

Du kan ringe eller sende e-post til Vigdis Lobenz om det er noko du lurer på.

Lovverk 

Plan og bygningslova §11-14

Sjå innkomne innspel og andre dokument