Detaljregulering Ospehaugen Næringsområde – varsel om oppstart

Det vert varsla om oppstart av arbeid med Detaljregulering Ospehaugen Næringsområde.

Flyfoto viser plasseringa av planområdet.  - Klikk for stort bilete GISLine


Kort om planarbeidet 

Flataker Landskap gjennomfører planarbeidet for Kårstad Eiendom As.

Planområde: Gjeld del av gbnr. 205/4 og 205/17 og er samla om lag 52 dekar.

Bakgrunn og formål: 
Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for utviding av næringsareal ved Ospehaugen.

Utvidinga omfattar del av gbnr. 205/4 nord og vest for dagens næringsareal, i tråd med område namnsett NÆ5 i arealdelen til kommuneplanen.

Utsnitt frå kommunedelplanens arealdel - Klikk for stort bilete

 

For nærare informasjon viser ein til planinitiativ datert 27.02.2025 og referat frå oppstartmøte med administrasjonen 07.03.2025. Det er elles utført kartlegging av naturtilhøva. Desse dokumenta er tilgjengelege på Sunnfjord kommune si heimeside.

Planarbeidet er vurdert til å ikkje verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar, og kommunen har slutta seg til vurderinga jf. referat frå oppstartsmøte. Planarbeidet utløyser derfor ikkje krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.
Planen vil erstatte heilt eller delvis følgjande planar: detaljregulering Kårstad transport AS.

Sjå viktige dokument i saka


•    Varsel om oppstart (PDF, 677 kB)
•    Planinitiativ (PDF, 2 MB)
•    Planavgrensing (PDF, 187 kB)
•    Referat frå oppstartsmøte (PDF, 634 kB)
•    Miljøfagleg utredning (PDF, 7 MB)

Sei di meining innan 11. april

Dersom du har opplysningar, synspunkt eller merknader som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet, bør du sende det inn. Dette kan vere med på å justere planen. 

  • Fristen for å sende inn innspel er 11.04.2025

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.

Slik sender du innspel eller spørsmål

Eventuelle innspel kan sendast skriftleg innan 11.04.2025 til Flataker Landskap:

  • e-post 
  • per post til: Flataker Landskap v/ Kari Johanne Flataker, Gåseidmarka 52, 6015 Ålesund
     

Lovverk