Detaljregulering Kryss E39 Jølstraholmen-Smiehogen – varsel om oppstart

Det vert varsla om oppstart av arbeid med Detaljregulering Kryss E39 Jølstraholmen-Smiehogen.

Bilde er eit kartutsnitt som viser plasseringa av planområdet. Kartutsnittet er henta frå GISLine - Klikk for stort bilete

 

Kort om planarbeidet 

Planområde:  Planområdet ligg på Jølstraholmen og Smiehogen, om lag 2km vest for Vassenden sentrum. Det er på om lag daa. Terrenget er bratt frå Smiehogen, men flatar ut langs E39. Planområdet består i hovudsak av veg og jordbruksareal. Delar av jordbruksarealet er regulert til bustadfelt.

Bakgrunn og formål: Føremålet er å legge til rette for opparbeiding av nye kryssløysingar for krysset frå E39 til Jølstraholmen og Bjørkelia, og frå E39 til Smiehogen.

Planarbeidet er vurdert til å ikkje verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar. Planarbeidet utløyser derfor ikkje krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.
Planen vil erstatte heilt eller delvis følgjande planar: 

  • Områderegulering Smiehogen

Sjå viktige dokument i saka

Sei di meining innan 13. september 2024

Dersom du har opplysningar, synspunkt eller merknader som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet, bør du sende det inn. Dette kan vere med på å justere planen. Fristen for å sende inn innspel er 13.09.2024
Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg. 

Slik sender du innspel eller spørsmål

Send innspel til 23/10918

Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 23/10918

Lovverk

 

(Sjå brev med varsel om oppstart)