Gitarkurs for vaksne

Gitarkurs for vaksne

med Harald Løkeland

onsdagar

kl. 19.15 - 20.00

Undervisningsstad:

Kulturskulebygget i Førde

oppstart:

3. april

8 onsdagar

10.4.,17.4., 24.4., 8.5., 15.5., 22.5., 29.5.

Pris:

1950,-

Plass til 8 personar

For deg som har lyst til å spele gitar til allsong på jobb eller til stor beundring frå alle på festen!
Eller kanskje du berre vil ta neste steg frå luftgitaren?
Dette kurset er for alle!
Kurset har eit omfang på 8 gonger med oppstart onsdag 3. april. Kvar økt er på 45 minutt og undervisninga går føre seg i gruppe. Undervisninga er lagt til
kulturskulebygget i Førde (Førdehuset).
Det blir kravd ingen forkunnskapar, kurset er for nybyrjarar og dei
som kan litt frå før. Alle deltakarar på kurset blir oppmoda til å skaffa eige instrument. Ta gjerne kontakt med kulturskulen dersom du vil ha tips eller råd i forkant av innkjøp.
Kurset blir leidd av gitarlæraren Harald Løkeland.

Dette kjem du til å lere:

Gjennomgåelse av enkle akkordar og akkordprogresjonar, kombinert med innlæring av songar. Stemming av gitaren, tabulaturspel, enkle fingerspeleteknikkar.
MERK: Kursa blir sette opp på nybyrjarnivå.

Lærarar