1. Spør kvifor ditt barn ynskjer å slutte. Det kan vere mange forskjellige grunnar for at elevar ynskjer å slutte. Vår erfaring tilseier at dei fleste grunnane går å løyse og komme over, slik at eleven fortsetter.
2. Ta ein telefon til læraren og legg fram situasjonen. Våre lærarar skal vere fleksible og har erfaring med å finne løysingar tilpassa den enkelte elev.
3. De er alltid velkomne til å ta opp situasjonen med rektor eller assisterande rektor.
4. Det er likevel brukaren som til slutt avgjer saka. Vert resultatet utmelding er det viktig at de kjenner til følgjande:
Avtalen du har er økonomisk bindande semestervis. Oppseiing må skje ved skriftleg melding.
Vi sender alltid stadfesting for mottatt utmelding.
OBS våre lærarar kan ikkje ta imot utmelding.
Utmeldingsfristar:
For komande vårsemester: 15.11.
For komande haustsemester: 15.5.
Eleven er automatisk påmeldt til vårsemesteret om ikkje skriftleg utmelding er sendt innan fristen (15.11.)
Nye elevar som ikkje ønsker å ta imot tilbod om elevplass må gje skriftleg melding til kulturskulen sin administrasjon.
Nye elevar har inntil to prøvetimar etter tildelt plass. Om eleven ønsker å slutte etter prøvetimane, må administrasjonen få skriftleg melding om dette. Frist er dagen etter siste prøvetime for å sleppe å betale for heile semesteret. Kulturskulen sender då faktura kun for dei gjennomførte prøvetimar.
Tidlegare elevar har ikkje rett til prøvetime i same disiplin. Vi tilbyr ikkje prøvetime for kortkurs eller sommarkurs.
Om elev og lærar ikkje finn ei felles tid for undervisning, kan eleven flyttast til venteliste eller bli utmeldt. Dette må avklarast i løpet av maks to veker.
Ved utmelding etter fristen må semesterkontingenten for det påfølgjande semesteret bli betalt.
Lenk til våre vilkår