Vår visjon

 

Vi er Sunnfjord kulturskule:

Eit kulturelt kraftsenter med eleven i sentrum.
Ein møteplass for å oppleve, skape og dele.
Målet vårt er å gje opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet.
Ein skule som bidrar til eleven si danning.

Eleven er:

• unik, utforskande og nyfiken
• fødd med draumar og kreativitet, som kan utviklast gjennom opplæring
• venleg og høfleg

Føresette er:

• engasjerte og positive støttespelarar
• svært viktige for motivasjonen og læringsutbyttet til eleven
• læraren sin dialogpartnar

Vi er lærarar som:

• viser tillit, venlegheit og respekt
• er tydelege og trygge
• viser kjærleik til kunsten og faga våre
• legg vekt på god kunstnarleg kvalitet
• driv pedagogisk utviklingsarbeid
• er godt førebudde til undervisninga

Vi vil:

• skape trygge rammer for eleven
• ta utgangspunkt i det som bur i kvar elev
• vere inspirerande og inkluderande
• forvalte rike tradisjonar, samt vere opne og nyskapande
• at elevane våre skal få lære, oppleve, skape og formidle kunst og kultur gjennom eigen aktivitet og i fellesskap med andre