Spark på boks

Leik

Spark på boks eller Boksen går («Kick the Can» på engelsk) er ein klassisk barneleik som kan ha eksistert like lenge som menneska. Det er ein slags variant av «gøyme og leite».

Finn ein tom hermetikkboks og set den i midten av ein stor ring. Deltakarane samlast i ringen. Ein av desse blir valt til å stå. Ein annan sparkar hardt i boksen. Medan den som står spring for å hente boksen eller tel til femti (eller eit tal ein er einige om), spring dei andre og gøymer seg. Etter kvart som dei ulike blir funne, skal den som står, springe tilbake til boksen og rope navnet til den som blir oppdaga, for eksempel: ” Per på boksen” osv. Dei/den som blir fanga, kan bli befridd ved at deltakarane som ikkje er tatt, kan springe bort til boksen og sparke den langt av stad. Den som står, må då hente boksen og telle til femti før han igjen kan leite etter dei andre.

Det er lurt å følge med på rulleringen av kven som «står». Viss det er nokon som blir ståande lenge og har vanskar med å fange alle, kan det vere lurt å bytte ved eit naturleg høve. Du som vaksen kan vere med på leiken!

Tilpassingsmoglegheit:
Ved å velje eit område med variert underlag, kan alle delta. Dersom det er ein person som syns det er vanskeleg å telle, syns det er utfordrande med rom-retning (å strukturere søket), eller syns det er vanskeleg å finne gøymestad, kan dei vere saman med ein annan. Avklar kor langt det er lov å gå for å gøyme seg.

Sørg for ro når du gir beskjedar og instruksjon.

Synshemma/blinde kan bli ledsaga av annan elev eller andre. Snakk med eleven og bli einig om korleis ledsaging bør skje. Kor trygg er eleven?  La personen bli kjent med omgivnadane. Tenk over lyshøve og bruk av fargar/kontrastar (den som «har den» kan f.eks ha refleksvest). Gje tydeleg, verbal instruksjon. Bruk lyd for orientering (den som «har den» kan f.eks ha bjelle på/med).

Hørselshemma/døve: Snakk éin og éin. Ha direkte kontakt. Bruk mimikk, kroppsspråk og eventuelt tegnstøtte. Kan ledsagast av annan elev eller andre. Avklar med vedkomande korleis han/ho kan oppfatte at han/ho er «på boks».