Ein skuledag i spora etter Audun frå Ålhus.

Siste helga i september lagar vi stor fest for landslova og måndag 30. september inviterer vi alle sjette-klassingane i kommunen til Ålhus. Her skal vi få sjå alle dei historiske stadane der Audun hadde hestane sine, garden sin, borga si og båtane sine. Vi skal reise tilbake til middeladeren og fylgje spora etter Audun frå Ålhus.

Ein gong leika ein liten gut i det høge graset langs elva i Ålhus-dalen på Jølster. Audun heitte han. Den vesle guten likte godt å gje hestane god mat. Difor kalla dei han Audun Hestakorn.
Historia om Audun er over 700 år gammal, men ho er like spennande, dramatisk og viktig den dag i dag. I september skal alle sjetteklassingar i Sunnfjord få reise tilbake i tid, heilt til Audun si tid på Ålhus!

Far til Audun heitte Hugleik og var storbonde. Han arbeidde også for kong Håkon Håkonsson.  
Audun vart snart sendt til kongen sin skule i Bergen. Her fekk han utdanning både i kampkunst, i fleire språk og i rettsvitenskap. Seinare reiste han vidare og fekk studere både i Frankrike og Italia, før han kom heim til Norge og hjalp den nye kongen med å skrive ei ny lov: Kong Magnus Lagabøte si landslov.

For første gong fekk vi ei lov som skulle gjelde for heile landet vårt. Lova var rettferdig og god. Alle skulle få hjelp om dei hadde for lite mat eller for lite for til dyra sine. Kanskje var det Audun frå Ålhus som skreiv denne lova. Han som likte så godt å gje hestane god mat.

Straks lova var ferdig fekk kongen sine menn i oppdrag å ri rundt i heile landet med lova med seg på reisa. På dei store gardane steig dei av hesten, henta lova fram frå salveska og las ho høgt. Slik fekk alle vite om dei rettferdige reglane lova hadde gitt oss.

Landslova vi fekk for 750 år sidan la grunnlaget for det frie, gode samfunnet vi lever i, den dag i dag.

På Ålhus kan vi følge spora etter Audun Hugleiksson og lære meir om den spennande historia frå middelalderen. I våpenskjoldet hans finst roser og liljer som kviskrar om slektsskap til kongsætter med røter i langt utanfor landegrensene våre, til eventyrlege stadar som Ardenne i Belgia og Semur i Frankrike.