Sunnfjord kommune tilbyr førebyggande heimebesøk til deg som fyller 75 år i inneverande kalenderår. Tilbodet er gratis og det er frivillig for deg som innbyggar.
Tilbod om førebyggande heimebesøk
Målet er å vere til hjelp slik at alle kan leve gode liv i eigen heim også når ein vert eldre.
Tilbodet om førebyggande heimebesøk er til deg som ikkje mottek andre helse- og omsorgstenester frå kommunen.
Vi sender ut informasjonsbrev med dato for besøk. Du kan sjølvsagt ta kontakt om du vil endre datoen eller ikkje ta i mot tilbodet.
Kven kjem på besøk ?
Det er frisklivtilsette og fysioterapeut eller ergoterapeut som kjem på besøk. I samtale med deg kan vi komme med råd og tips som kan kome til nytte for ein best mogleg alderdom.
Kva snakkar vi om på heimebesøk ?
Tema for heimebesøk tilpassar vi til deg. Det kan vere til dømes:
- Fysisk aktivitet i eldre år, informasjonsbrosjyre
- Butilhøve
- Tilbod og aktivitetar i Sunnfjord kommune
- Kosthald
- Kvardagsliv og sosialt nettverk
- Branntryggleik
- Fallførebyggande tiltak
Informasjon om brosjyrar og aktivitetar:
Sist endra 13.01.2025 14.53