Sjukeheimsplass Sunnfjord kommuneSunnfjord kommune har fire omsorgssenter som ligg i Førde, på Sande, på Skei og i Naustdal. Desse har tilbod om sjukeheimsplass, korttidsplass, rehabiliteringsplass og avlastning. Kven kan få sjukeheimsplass?Sjukeheimsplass /langtidsplass er for eldre som har eit stort behov for pleie og omsorg heile døgnet, men som ikkje treng behandling på sjukehus. Før tildelt plass, skal det vere prøvd ut med heimetenester i heimen.Korttidsplass er for deg som har behov for opptrening, vedlikehaldstrening eller utredning. Avlastningsplass er til pårørande som har særleg tyngande omsorgsoppgåver.Slik søker duDu må sende ein skriftleg signert søknad. Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende med søknadnen (PDF, 576 kB). Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om sjukeheimsplass:Søk om helse- og omsorgstenester elektroniskSøk om helse- og omsorgstenester papirskjemaSend søknad til:Sunnfjord kommuneTildelingseiningaPostboks 3386802 Førde SøknadsfristDet er ikkje søknadsfrist. Søknaden blir behandla fortløpandeDei fire ulike butilbodaLangtidsplass for demente er eit døgnkontinuerleg butilbod for personar med demensdiagnose som ikkje kan bu i eigen bustad. Personalet har spesiell kompetanse om behandling og pleie av personer med demens. Langtidsplass er butilbod deg som ikkje kan bu i eigen bustad og som har behov for pleie og omsorg heile døgnet. Korttidsplass er til deg som treng eit kort opphald i sjukeheim. Rehabiliteringsplass er til deg som på grunn av sjukdom eller skade treng trening. Personalet har spesialkompetanse innen rehabilitering.Kva kostar det? Langtidsplass: pris er rekna ut etter inntekt. Du betalar 75 % av grunnbeløpet og 85 % av tilleggspensjon og renteinntekter. Skatt vert trekt frå.Kor lang tid tek det å behandle søknaden?Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan tre veker, skal du ha fått melding om grunnen til det. Det er tildelingseininga som behandlar søknaden. Har du spørsmål, ta kontakt medTildelingseininga på telefon 57 72 20 05, måndag–fredag klokka 10.00–14.00, om spørsmåla gjeld søknaden. Ring det lokale omsorgssenteret om du har andre spørsmål:Førde omsorgssenter langtid: 91 53 39 88Førde omsorgssenter korttid: 95 98 96 04Førde omsorgssenter skjerma eining AB: 47 46 74 12Førde omsorgssenter skjerma - Einingsleiar 47 46 73 61Naustdal omsorgssenter: 57 81 62 00Sande omsorgssenter Langtidsavdeling1: 57 71 82 21Sande omsorgssenter Langtidsavdeling 2: 57 71 82 22Sande omsorgssenter Skjerma: 57 71 82 24Sande omsorgssenter Einingsleiar: 57 71 82 33Skei omsorgssenter langtid: 40 44 60 45Skei omsorgssenter korttid/rehabilitering: 40 44 60 49Skei omsorgssenter skjerma: 40 44 60 39Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden? Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Tenestestandard, lover og forskrifterTenestestandard for helse- og omsorgstenester i Sunnfjord kommmune (PDF, 1019 kB) Helse- og omsorgstjenesteloven Pasient- og brukerrettighetsloven Forskrift om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns teneste - kriterier og ventelister Sist endra 24.01.2025 16.13