Viktig orientering om tilbod frå tenesta psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune i veke 26-33.
Grunna ferieavvikling vert det diverre ikkje mogleg å prioritere nye tilvisingar om oppfølging frå tenesta i veke 26 - 33. Alle nye tilvisingar vert vurdert fortløpande men ein vil som hovudregel få orientering om eventuell oppstart av oppfølging etter 17.august.
Ettersom det vert nytta sjølvtilvising med kartlegging gjennom Norse feedback vil ein kartlegging tatt no ikkje vere representativ for behovet i august.
Psykisk helse og rus er ikkje ein akutt-teneste og det er vert henvist til legevakt for akutt hjelp telefon 116117, eventuelt oppfølging av fastlege.
Har du spørsmål knytt til oppfølging frå tenesta kan du kontakte tenesta direkte på telefon 57 72 60 70 eller tildelingseininga på telefon 57 72 20 05.