Pakkeforløp psykisk helse og rus

Pakkeforløp skal gje deg som pasient eller pårørande eit behandlingsforløp som er heilskapleg og føreseieleg, utan unødig ventetid. Du skal få meir innverknad på behandlinga, og den skal evaluerast systematisk undervegs. Pakkeforløpane blir innført trinnvis frå 1. januar 2019.

Korleis fungerer eit pakkeforløp?

Eit pakkeforløp startar ved at fastlegen sender ei tilvisning til spesialisthelsetenesta. Sunnfjord kommune har ansvar for å sikre at du får nødvendig oppfølging medan du ventar på eventuell behandling frå spesialisthelsetenesta. 

Når spesialisthelsetenesta har gjort ein vurdering og du har rett til helsehjelp, vil du få eit brev med innkalling til samtale. Vidare planlegging av utredning og behandling vil skje i samarbeid med deg. Dersom det blir vurdert at du ikkje har rett til helsehjelp, vil du motta eit brev med begrunning for avslaget.

Det vil vere forløpskoordinatorar i både kommune- og spesialisthelsetenesta, som skal samarbeide.

I Sunnfjord kommune

For personar som allereie har ein koordinator/fagperson med tett relasjon i kommunen, er det naturleg at denne blir forløpskoordinator.

Personar som ikkje har ein koordinator kan ta kontakt med tildelingseininga i Sunnfjord kommune på telefonnummer 90 80 85 58

Forløpskoordinator i kommunen har ansvar for å informere og gi råd til pasient og eventuelt pårørande om pakkeforløp psykisk helse og rus. Koordinator skal sikre god samhandling mellom aktørane i helsetenesta og  heilskapleg oppfølging av pasienten med utgangspunkt i pasienten sine mål, ressursar og behov.

I Helse Førde

Helse Førde har oppnemnd to forløpskoordinatorar:

Ellinor Kleppenes: 41 53 04 37
Sønnøve Ramsfjell: 41 53 04 42 

Dei har ansvar for å vere tilgjengeleg for pasient og pårørande, koordinere heile forløpet og gi råd til pasient og eventuelt pårørande om pakkeforløp psykisk helse og rus. 

Meir informasjon