Barn, unge og familiestøtte (BUFA)

Sunnfjord kommune styrkar arbeidet rundt barn og unge. Vi har nyleg etablert eit psykisk helseteam for barn, unge og deira familiar, og tenesta er under utvikling.

Kva er barn, unge og familiestøtte?

Barn, unge og familiestøtte er eit lågterskeltilbod for barn, unge og deira familiar, og er både eit førebyggande og behandlande psykisk helsetilbod.

Vi er tverrfagleg samansatt, har teieplikt og du treng ikkje tilvising for å kome i kontakt med oss. Tilbodet er gratis.

Ungdommar Illustrasjonar Gregory Idehen - Klikk for stort bilete

Om Barn, unge og familiestøtte

Teamet skal gjennom rettleiing, støtte og nærvær bidra til at fleire barn og unge får ein meiningsfull kvardag og eit godt koordinert tenestetilbod.

Vi ønsker å bidra til at barn, ungdom og foreldre skal få støtte og hjelp til å meistre eigne liv på måtar som er utviklingsstøttande og som fremmar god psykisk helse.

Vi er her for:

  • barn og unge frå 0 år ut vidaregåande opplæring og deira foreldre.
  • gravide
  • samarbeidspartnarar

Du kan kontakte oss

  • ved behov for hjelp og oppfølging til barn og unge som opplever ha det vanskeleg
  • dersom du som forelder er uroa for eit barn eller ungdom si utvikling, trivsel og åtferd
  • ved utfordringar i familie eller foreldrerolla
Illustrasjon – Dame og barn i vintertøy, som held rundt kvarandre Gregory Idehen - Klikk for stort bilete

Korleis får du kontakt med oss?

Vi er organisert som ei avdeling under helsestasjonen, og samarbeider tett med helsesjukepleiarar.

Dersom du som forelder er uroa for ditt barn anbefaler vi at du tek kontakt med helsesjukepleiar på helsestasjon, eller på din skule. Dei har tett dialog med oss, og kan kople oss på ved behov. Helsesjukepleiarane har god kompetanse på psykisk helse, og veit kva som kan vere lurt å gjere dersom noko er vanskeleg.

Barn og unge kan sjølv ta direkte kontakt med helsesjukepleiar på sin skule.

Besøk oss på Prestebøen 8, andre etasje.

Ved akutte behov, kontakt legevakt, Barnevernvakt eller Alarmtelefon for barn og unge. Vi har ikkje ein akuttfunksjon.


 

Våre tilbod

Presentasjon av BUFA-teamet 

Illustrasjon – Barn som huskar Gregory Idehen - Klikk for stort bilete

Kontakt

Ekspedisjon helsestasjon
Telefon 57 72 21 30

Ta kontakt via Helsenorge.no