Skulehelsetenesta

Informasjon om skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta har fast kontortid på skulen, og er difor tilgjengelege på skulen der barna er.  Det er eit gratis lågterskel tilbod for alle elevar ved skulen, og ein treng ikkje å bestille time. 

Skulehelsetenesta arbeider for å fremme barn si utvikling, trivsel og meistring, både på individ og universelt nivå. Har barnet utfordringar med fysisk, psykisk eller sosial helse kan ein ta kontakt med skulehelsetenesta. Skulehelsetenesta kan bidra med individuelle samtalar, etablere tverrfagleg samarbeid og foreldrerettleiing.

Aktuelle utfordringar for barnet kan vere til dømes vanskeleg familiesituasjon, opplevd belastande livshendingar, utfordringar i samspel med andre, mobbing, lite sosialt nettverk, emosjonelle utfordringar, drastisk endring i åtferd og teikn på skulevegring.

Vi tilbyr syn og hørseltest ved behov. Alle som arbeider i skulehelsetenesta har teieplikt. Finn ut når helsesjukepleiar har kontortid på nettsida til skulen din

Faste tilbod frå skulehelsetenesta

Grunnskulen

  • 1. steg: Skulestartundersøking hos helsesjukepleiar og lege. Deltek på foreldremøte. 
  • 2. steg: Vaksine mot DTP-IPV. Undervisningsopplegg: "Kroppen min eier jeg".
  • 3. steg: Vekstmåling. Undervisningsopplegg: Helse og trivsel. 
  • 4. steg: Undervisningsopplegg: Psykisk helse
  • 5. steg: Undervisningsopplegg: Pubertet. 
  • 6. steg: Vaksine mot MMR. Deltek på undervisningsopplegg med Smiso. 
  • 7. steg: Vaksine mot HPV, 2 dosar
  • 8. steg: Undervisningsopplegg: Psykisk helse. Deltek på foreldremøte. Vekstmåling og individuell helsesamtale med helsesjukepleiar. 
  • 9. steg: Undervisning: Samliv og seksuell helse.
  • 10. steg: Vaksine mot DTP-IPV

Her kan du laste ned skulehelsetenesta sitt program  (PDF, 524 kB)

Les meir om barnevaksinasjonsprogrammet på Folkehelseinstituttet sine nettsider

Vidaregåande skule

Helsesjukepleiar har kontortid på dei vidaregåande skulane. Du kan komme til oss for å snakke om prevensjon, personlege problem og andre utfordringar i kvardagen. Vi tilbyr også russeundervisning og Meningittvaksine (vaksine mot hjernehinnebetennelse). Du kan få gratis kondomer hos helsesjukepleiar. 

I tillegg kan både elevar og studentar bruke tilbodet Helsestasjon for ungdom

Kva kostar det?

Tilbod frå skulehelsetenesta er gratis. 

Kontakt

Ekspedisjon helsestasjon
Telefon 57 72 21 30

Ta kontakt via Helsenorge.no