Omsorg ved kreftsjukdom og annan alvorleg sjukdom

Kreftomsorga og omsorg i samband med annan alvorleg sjukdom har som mål at du som vert sjuk og dine pårørande skal bli ivaretekne på ein god måte, og få dei tenester og tilbod du har rett på. 

Kreftkoordinator i Sunnfjord kommune

Kreftkoordinator er ein fagperson som du kan ta kontakt med i alle fasar av kreftsjukdom. Kreftkoordinator i kommunen er eit lågterskeltilbod for kreftpasientar, pårørande, helsepersonell eller andre.

Kontortid måndag–fredag, klokka 08.00–15.30. 

Kva kan du få hjelp til?

Kreftkoordinatoren er ein person som hjelper deg som er ramma av kreftsjukdom og dine pårørande med informasjon, støtte, råd og rettleiing knytt til din aktuelle situasjon. 

Kreftkoordinatoren er ein person som:

  • har tid til å lytte
  • kan kartlegge den enkelte sine behov
  • kan syte for å samordne hjelpeapparatet 
  • er ein støttespelar for barn og unge som er ramma av kreft eller der barn er pårørande
  • svarar på faglege spørsmål og gir rettleiing
  • kan bidra til å skaffe praktisk hjelp og støtte
  • har oversikt over relevante tilbod og tenester som kan passe for deg og dine pårørande

Stillinga som kreftkoordinator er oppretta med støtte frå Kreftforeningen og ho samarbeider med fastlege, NAV, helsestasjon, heimeteneste, tildelingseininga, sjukeheim, spesialhelsetenesta, skular, barnehagar, lokale pasientforeiningar og Kreftforeningen.

Ressurssjukepleiar i kommunen

Kommunen har eit nettverk av ressurssjukepleiarar innan kreftomsorg og lindrande behandling på omsorgssentra og i heimetenesta. Ressurssjukepleiar har direkte oppfølging av pasientar og pårørande som er råka av kreft eller annan alvorleg sjukdom. Dei har særleg kompetanse innan fagfeltet. 

Kven kan få tilbodet?

Dersom du har kreft eller annan alvorleg sjukdom eller er pårørande til nokon med alvorleg sjukdom, kan du få kontakt med ein ressurssjukepleiar på heimstaden din. 

Kva kan du få hjelp til?

Ressurssjukepleiaren kan samordne tenestetilbodet til pasient og pårørande på ein god måte.

Ressurssjukepleiaren kan tilby:

  • samtale, kartlegging og oppfølgjing
  • førebygging og hjelp til lindring av symptom, t.d. smerte, kvalme og depresjon
  • råd og informasjon om hjelpemiddel og tilrettelegging i heimen
  • samarbeid med helsepersonell og andre instansar for å gi deg og dine pårørande eit så godt tilbod som mogleg
  • informasjon om aktuelle tilbod i kommunen

Korleis etablere kontakt med ressursjukepleiar:

Du kan kontakte personalet i spesialisthelsetenesta eller i heimetenesta som kan sette deg i kontakt med ein ressurssjukepleiar i kommunen. 

Palliative rom i Sunnfjord kommune

Kommunen har fleire rom for personar med behov for lindrande behandling. Eit slikt rom kan anten nyttast ved alvorleg sjukdom eller i livet sin sluttfase, og er tilrettelagt for at pårørande kan vere med under opphaldet. 
 

Kontakt

Berit Ullebust Ullebust
Kreftkoordinator
E-post
Mobil 94 82 42 54

Eining: Fagutvikling