Overtaking av fotballbana Øyaflata

Formannskapet vil i møte 1. oktober behandle sak om overtaking av fotballbana på Øyaflata ved Vassenden skule.

Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak: 

Sunnfjord kommune tek over eigarskapen til kunstgrasbana Øyaflata på Vassenden, under føresetnad av at det vert inngått driftsavtale som regulerer ansvar og oppgåver knytt til anlegget. Driftsavtalen kan ikkje påføre kommunen nye utgifter før midlar eventuelt er avsett i budsjett.

Bakgrunn for saka 

Jølster idrettslag sende 15.09.2025 brev til Sunnfjord kommune med ønske om at kommunen overtek eigarskapen til kunstgrasbana. Saka vart sett i samanheng med å få etablert prinsipp for drift, rehabilitering og bygging av kommunale kunstgrasbaner. Utval for næring og miljø vedtok 10.06.2026 prinsipp som mellom anna slår fast at kommunen har det overordna ansvaret for drift av kommunale fotballbaner, og at kommunen og idrettslaga skal dele kostnadene ved rehabilitering og bygging med 50 prosent kvar.

Prinsippa er i si heilheit slik: 

Drift, rehabilitering og bygging av kunstgrasbaner ute (gjeld ikkje for bygging og drift av undervarme) 

  • Intensjonsavtale om bygging eller rehabilitering kan inngåast når tiltaket er prioritert og det er sett av midlar til formålet i kommunalt budsjett. 
  • Kommunen og aktuelt idrettslag eller anna frivillig organisasjon skal i fellesskap utarbeide kostnadskalkyle for drift, rehabilitering og/eller bygging. 
  • Ved rehabilitering og bygging skal kostnadane fordelast med 50 prosent på kommunen og 50 prosent på idrettslag eller den frivillige organisasjonen. Drift skal regulerast i eiga driftsavtale, og den økonomiske delen av avtalen skal indeksregulerast årleg. 
  • Kommunen har det overordna ansvaret for drift av kommunale fotballbaner. Dersom kommunen ynskjer at idrettslaget eller annan frivillig organisasjon skal utføre heile eller delar av drifta, skal dette avklarast i skriftleg driftsavtale med nærare regulering av ansvar, økonomisk kompensasjon og varigheit. Manglande kommunale personell eller ressursmessige føresetnader fritar ikkje i seg sjølv kommunen for driftsansvaret

 

Sjå heile saka om overtaking av Øyaflata

Vurdering 

Administrasjonen vurderer det som naturleg at Sunnfjord kommune overtek eigarskapen til kunstgrasbana på Øyaflata. Bana skil seg frå dei øvrige større kunstgrasbanene i kommunen ved at ho framleis er eigd av idrettslaget, medan kommunen eig alle tilsvarande anlegg elles. 

Ei overtaking vil gi eit meir einsarta eigarskap til dei større kunstgrasbanene i kommunen og vere i tråd med dei politisk vedtekne prinsippa for drift og utvikling av slike anlegg. 

Samtidig er bana i ein tilstand som tilseier behov for rehabilitering. Eventuelle kostnader knytt til rehabilitering og framtidig drift må handterast i tråd med vedtekne prinsipp og gjennom eigne budsjettvedtak. Dialogen med Jølster idrettslag bør vidareførast med sikte på å avklare ansvar for drift, vedlikehald og tiltak for å redusere granulatflukt fram til bana vert rehabilitert.

Kommunen har per i dag ikkje sett av eigne driftsmidlar eller personellressursar til drift av bana på Øyaflata. Eventuelle framtidige driftskostnader må difor innarbeidast i budsjettet eller løysast gjennom avtale med idrettslaget. Det er heller ikkje sett av midlar til skifte av kunstgrasbaner i økonomiplanen, og når dekke kan skiftast er difor høgst usikkert.