FAU & foreldreråd

Alle føresette som har barn i skulen, er medlem av skulen sitt foreldreråd. (Opplæringslova § 11-4.) Foreldrerådet veljer eit arbeidsutval (FAU) som er talerør overfor skulen. FAU skal sikre reell medverknad frå foreldra, og har medansvar for at elevane sitt læringsmiljø er trygt og godt. Foreldrerådet skal arbeide for eit godt samarbeid mellom heim og skule, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane, og vere bindeledd mellom skulen og lokalsamfunnet. Foreldrekontaktane er bindeleddet mellom foreldra i klassa og Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU), og mellom foreldra og skulen.

FAU og foreldreråd

FAU skal mellom anna sikre reell medverknad frå føresette og ha medansvar for at elevane sitt læringsmiljø er trygt og godt. FAU bør samarbeide med både elevråd, skuleleiinga og dei tilsette. FAU kan også ha kontakt med lag, organisasjonar og næringsliv i nærmiljøet. FAU skal representere alle dei føresette ved skulen og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt. 

I Sunnfjord kommune er det eige KFU (kommunalt foreldreutval) der medlemar frå FAU ved kvar av skulane i kommunen er representert. Leiar i FAU ved Vassenden skule er fast medlem i dette utvalet. 

Organisering og val av FAU ved Vassenden skule 

  • Val av klassekontaktar og vara skal skje på foreldremøta om våren kvart år
  • FAU vel leiar, nestleiar og medlem i SU, SMU og SKFU for komande skuleår innan 10. juni
  • Innan 20. juni kvart år gjer leiar i sitjande FAU dette:
    • Informerer rektor om resultat av val av klassekontakt frå alle klassane og kven som skal vere FAU sine medlem i SU og SMU komande skuleår
    • Overleverer informasjon til ny leiar i FAU og leverer inn referat o.a. arkivmateriell til rektor 

Foreldrekontaktar i 1.-10. klasse er medlem i FAU etter dette systemet

På årssteg med ei klasse:

  • 1. klasse: Val av både foreldrekontakt og vararepresentant.
  • 2. klasse og framover til 10. klasse: Den som vart valt som vara i 1. klasse rykker opp til å fungere som foreldrekontakt . Foreldremøte i 2. klasse vel ny vara. Framhald med å velje vara kvart år, som året etter vert foreldrekontakt.
  • Medlem i FAU: Valt foreldrekontakt kvart år er autmatisk medlem i FAU.  Vara for foreldrekontakt er òg vara i FAU.

På årssteg med to klassar:

  • 1. klasse: Det veljast foreldrekontakt og vararepresentant i begge klassane.
  • 2. klasse og fram til og med 10. klasse: Den som vart valt som vara i 1. klasse i kvar klasse rykker opp til å fungere som foreldrekontakt. Foreldremøte vel ny vara i begge klassane kvart år. 

Medlemar i FAU

  • Då klassane går i 1-3-5-7-9 klasse er det foreldrekontakt i A- klassen som er medlem i FAU. Foreldrekontakt i B- klassen er vara til FAU.
  • Då klassane går i 2-4-6-8-10 klasse er det foreldrekontakt i B klassen som er medlem i FAU. Foreldrekontakt i A- klassen er vara til FAU.

Medlemar som skal representere FAU i SU, SMU og KFU

  • Leiar av FAU er valt for 1 år og skal vere medlem av både SU, SMU og SKFU
  • Nestleiar av FAU er valt for 1 år og skal vere medlem av både SU og SMU
  • Tredje medlem i SMU og vararapresentantar vert òg valt kvart år

Vedtekter

Vedtektene til FAU ved Vassenden skule (PDF, 218 kB)