Kontaktinformasjon SFO Sunde skule
Sunde skule : 57 82 87 30
SFO telefon: 45 97 52 38
Opningstider SFO
Påmelding til SFO
Du søker på felles opptak i Sunnfjord kommune. Søknadsfristen er 1. april, men det er mogleg å søke om plass heile året.
Søk om SFO-plass i Visma Flyt skule
Informasjon om sfo-tilbod og prisar
Dersom du seinare ynskjer å endre eller sei opp tilbodet, gjer du dette på same innloggingsplass som du søkte om plass.
I tillegg må du fylle ut eit påmeldingsskjema til SFO Sunde skule der du gir informasjon om når barnet skal vere på SFO.
Påmelding til SFO i feriar
Barn som skal vere på SFO i feriar (haustferie, juleferie, vinterferie og påskeferie) må melde seg på SFO tilbod på Flatene skule. I forkant av feriane blir det lagt ut påmeldingsskjemaet som du finn her (nye lenker inn).
Oppseiing av SFO-tilbodet
- Oppseiingsfristen er 1. månad. Du må logge deg inn via Visma Flyt (lenke inn her) for å seie opp plassen.
- Seier du opp før den 1. eller 15. i månaden, vil oppseiinga gjelde frå den 1. eller 15. i påfølgande månad.
- Det er ikkje høve til å seie opp eller redusere tilbodet for barnet etter 31. mars.
- Ved byte til eit mindre tilbod gjeld òg oppseiingsfristen på ein månad. Ved byte til større tilbod kan endring gjelde straks dersom det er plass.
Endre eller sei opp SFO-plass
Om SFO på Sunde skule
- SFO ved Sunde skule har base i kjellaren, men har heile bygget til disposisjon
- SFO skal vere ein stad der ein møter vener og leikar i lag med andre.
- Leik har stor plass i kvardagen på SFO, spesielt fordi dette er fritida til borna. Vi plasserer leiken sentralt fordi det er ein del av barnekulturen og ein vesentleg faktor for borna si vekst og utvikling. Leiken fremjar både fysiske, psykiske og sosial utvikling.
- Borna skal i stor grad ha råderett over tida på SFO, og dermed i størst mogeleg grad bestemme over korleis dei vil bruke fritida si. Dei vaksne har ansvar for å inspirere til god og inkluderande leik.
- Gjennom opphaldstida på SFO skal barnet få trening i godt sosialt samspel.
Vedtekter SFO