Fakta om skulen

Sunde skule er ein 1-7 skule med rundt 180 elevar i skulen,  og ca 70 elevar i SFO. Skulen er påbygd og renovert  i 2019, og framstår no som ein topp moderne skule. 

 

Sunde skule ligg på Sunde, 7 km. utafor Førde sentrum. 

Skulen er opprinnelig frå 1897 og har vore bygd ut i fleire etappar:  1976, 1993, 2004, 2011 og i  2013 supplert med brakker. I 2017 starta arbeidet med å rive "gamleskulen" og i desember 2019 kunne vi opne ein ny flott skule. Tilkomsten skulen er også forbetra og uteområdet er under opparbeiding.  

Skulen har 14 klasserom, stort bibliotek, musikkrom og kunst og handverksavdeling. Skulen har også eiga kunstgrasbane.