For føresetteHeim/skule samarbeid To gonger i året blir føresette kalla inn til utviklingssamtale med elev og kontaktlærar. Utover dette skjer ein god del av kommunikasjonen mellom heim og skule gjennom det skuleadministrative systemet Visma Flyt skole. Dette kan vere meldingar, fråvær, skriftleg halvårsevaluering m.m. Les meir om Visma Flyt Skole. SFO-tilbod Slåtten skule har SFO tilbod til elevane på 1.-4. steg. Sjå eigne sider om SFO-tilbodet Lisens på Office 365 Alle elevar i Sunnfjord kommune har Office 365 lisens. Ein kan bruke programma i skya eller laste dei ned lokalt på ei eller fleire datamaskiner. Når du går inn på nettsida office.com finn eleven mellom anna Word, Excel, OneNote, Outlook og PowerPoint. Du får og skylagringstenesta OneDrive. På office.com finn du og lenke til nedlasting av programma om du vil ha dei lokalt på datamaskina. Eleven må bruke sitt Feidebrukarnamnm t.d. olanor14, og legge til @sunnfjordskulen.no. Brukarnamnet i dette dømet blir dermed olanor14@sunnfjordskulen.no. Passordet er det same som du brukar ved pålogging på Feide. Dersom du ikkje får logga på nettsida office.com, må eleven få nytt passord på skulen. Påloggingsnamnet på office.com, som t.d. olanor14@sunnfjordskulen.no, er og eleven si epostadresse. Eposten kan eleven lese på office.com. Når du sluttar som elev i Sunnfjord kommune, blir brukarkontoen din deaktivert 30 dagar etter sluttdato. Office.com Medverknad For informasjon om klassekontaktar, foreldreutval og skulemiljøutval, sjå eigne sider: Medverknad - skulen sine samarbeidsorgan. Lus Hovudlus er eit tilbakevendande problem. Vi oppmodar alle foreldre til å ta kontakt med skulen dersom de oppdagar lus på barnet dykkar. Skulen vil så informere alle på steget, og be om at føresette tek ein sjekk av sitt barn. Sjå og Folkehelseinstituttet sine sider om lus. Sist endra 07.08.2023 13.48