Visma Flyt SkuleVi brukar Visma Flyt Skule for å gjere kontakten mellom heim og skule enklare. Via nettside eller app kan du registrere fråvær, halde deg informert om timeplan, lekser og aktivitetar til barnet ditt. Føresette sin tilgang til Visma Flyt Skule Innlogging til foreldreportalen Visma Flyt skule Føresette brukar Visma Flyt Skule til Sjekke at kontaktinformasjon og personinformasjon for elev og føresette er rett. Gi samtykke. Følge med på fråvær, merknader, vurderingar og karakterar. Finne kontaktinformasjon til kontaktlærar. Søke, seie opp eller endre SFO-plass. Sjekke fakturagrunnlaget for SFO-plass. Sjå kva faggrupper og faglærarar eleven har. Min Skole - Foresatt Visma har laga ein app for å gjere kommunikasjonen mellom heim og skule enklare. Appen frå Visma heiter "Min skole - foresatt", og du finn den både på Google Play og i App Store. Appen har litt avgrensa funksjonalitet i høve til nettsida. Gjennom appen kan foreldre gjere følgande: Melde skulen om elevfråvær. Gjeld ikkje permisjonar Sende og motta andre meldingar til kontaklærar eller faglærarar til ditt barn Ofte stilte spørsmål Eg får ikkje logga inn frå mobiltelefonen, kva gjer eg feil? Innloggingen til Visma Flyt Skule er i utgangspunktet tilpassa tilsette sin innlogging på mobiltelefon eller nettbrett. Dersom du får opp mobilsida med overskrift "Visma Flyt Skole - Ansatt" må du klikke på "Fullversjonen av Visma Flyt Skole" for å logge på som føresett. Føresette loggar inn med ID-porten (MinID/BankID eller tilsvarande). Eg får ikkje gitt eller endra samtykke, korleis gjer eg det? Før du kan redigere samtykke, må du først registrere generelt samtykke. Det gjer du ved å klikke på Generelt samtykke på framsida av foreldresida til Visma Flyt Skule. Deretter kan du gå inn på det enkelte barnet og redigere samtykke. Klikk på lenka Rediger til høgre for kvart samtykke. Eg får ikkje e-post eller SMS-varsel frå skulen, kva kan vere feil? Logg inn på Visma Flyt Skule. På framsida skrollar du nedst på på sida og sjekkar at det er registrert korrekt mobilnummer og e-postadresse på deg. Dette kan du eventuelt korrigere ved å klikke på Rediger-knappen nedst. NB! Dersom det står landskode (+47) foran telefonnummeret ditt, må du ta dette vekk. Sjekk deretter kva varslingsinnstillingar som er sett opp for deg. Desse kan du endre ved å klikke på Varslingsinnstillinger på framsida. Eg får feilmelding når eg loggar inn i appen Min Skole - Foresatt Du må logge ut av appen gjennom funksjonen "Logg ut og lag ny kode". Logg inn på ny. Finn Sunnfjord kommune Logg på med ID-porten. (t.d. bank-ID) Dersom du framleis ikkje kjem inn, må du ta kontakt med skulen. Ta kontakt med skulen om du treng hjelp Dersom du har problem med innlogging til Visma Flyt Skule, eller treng rettleiing på korleis du brukar Visma Flyt Skule, ta kontakt med skulen. Sist endra 27.01.2023 14.12